Hopp til innhold

Knuste heimefavoritt i Holmenkollen

Med to skiskyttarar på laget, gjekk laget frå Sogn og Fjordane heilt til topps under dagens langrensstafett i junior-NM.

Håvard Gutubø Bogetveit

GULLSMAK: To NM-stafettar med Johannes Thingnes Bø på laget har gjeve Håvard Gutubø Bogetveit to NM-gull på ei veke.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mats Bjørnar Leirdal (Bjørn), Gjøran Tefre (Førde), Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) og Johannes Thingnes Bø (Markane) knuste heimefavoritten Akershus under dagens NM-stafett i Holmenkollen.

At speakeren ikkje ein gong hadde høyrt om Gutubø Bogetveit krydra sigeren.

– Det gjorde at sigeren smakte ekstra godt. Dei vart bra lange i maska då vi gjekk inn til siger, ler Førde-guten.

– Betre enn førre helg

Gullmedaljen er den andre troppen frå Sogn og Fjordane vender heim med. Laurdag tok årets trippelverdsmeister i skiskyting, Thingnes Bø, sitt fjerde NM-gull på ei veke då han vann ti kilometeren.

For andre gong på ei veke såg Gutubø Bogetveit stryningen hale i land sigeren på ein stafett. Førre helg vart gull under junior-NM i skiskyting på Ullsheim.

– Sigeren i dag smakar faktisk hakket betre enn NM-gullet førre helg. No hadde vi to skiskyttarar på laget og speaker hadde ikkje ein gong høyrt om meg, humrar han.

Tok over showet

I alt 111 lag stilte på starstreken. Etter første Leirdal var Sogn og Fjordane på 24. plass, 13 sekundar bak tet. Tefre, som tidlegare i meisterskapen hadde to femteplassar, leverte ein kjempeetappe og tok laget opp i tet.

Så tok skiskyttarane over showet.

– Eg skaffa ei luke på fem-seks sekund til Johannes. Han vart teken att, men så rykka Johannes og kom i mål 30 sekund før Akershus, seier Gutubø Bogetveit og legg til at Thingnes Bø rykka frå ein tidlegare verdsmeister for juniorar i langrenn, Sindre Bjørestad Skar (Bærums Verk).

– Dei hadde ikkje sjanse

– Dei andre hadde ikkje sjanse. Vi hadde ein veldig god dag alle mann på laget, legg Gutubø Bogetveit til. Som for øvrig gjekk sine første langrennskonkurransar under NM i Holmenkollen.

No håpar han på ytterlegare suksess i senior-NM i skiskyting i Trondheim til helga.

Truleg stiller han på stafettlaget saman med Tarjei Bø, Ronny Hafsås og Johannes Thingnes Bø.