Aksjeanalytikar Henning Lund hos Kaupthing AS seier han ikkje har sett liknande sidan år 2000. Berre sist veke steig lakseprisen med nesten 2 kroner og 50 øre til nesten 28 kroner per kg.
- Det er svært god etterspørsel både i USA og i Europa. Dessutan er det lite fisk av den generasjonen som skal slaktas no. Og når det er lite fisk og høg etterspørsel, så inneber det at prisane stig, seier Lund.
Comeback
Etter fleire tunge år der analytikarane på Aker brygge ikkje ein gong ville høyre om laksenæringa, gjer lakseaksjar no eit skikkeleg comeback.
- Fisk er ein moteriktig sektor med Pan Fish som lokomotiv, skreiv Reuters i ei melding på fredag etter at investor John Fredriksen tidlegare i veka kjøpte halvparten av oppdrettsgiganten Pan Fish.
Kjempegevinst
Plutseleg er laks heite saker, berre på fredag steig aksjekursen på Pan Fish med heile 22 %, og Dagens Næringsliv meinte at Fredriksen hadde tent heile 600 millionar kroner på nokre få dagar på lakseinvesteringa.
Og årsaka til børsen si heftige forelsking i laks, er den høge lakseprisen.
For Sveinung Sandvik i Vestnorsk Havbrukslag er dette sjølvsagt ei gledeleg utvikling.
- Dette er ein etterlengta situasjon for oss. Prisutviklinga har vore svært gunstig dei siste vekene både når det gjeld laks og aure, seier Sandvik.
Opp og ned
Utfordringa for næringa blir no å la være å setje så mykje fisk i sjøen at vi igjen får kriseoverskrifter i media om tre år.
- Laksenæringa er ei biologisk næring som er syklisk og som heilt naturleg vil ha både toppar og botnar. Det må vi heilt sikkert leve med framover sidan det tek tre år å produsere ein laks. Og det går ikkje an å vite korleis marknaden er tre år fram i tid når du set laksen i sjøen, seier Sandvik.