Hopp til innhold

Har køyrt 3000 kilometer for å teste kunnskapane til 10. klassingar

– Det har vore ei utruleg spanande tid. Ikkje minst å få sjå så mange krikar og krokar der eg ikkje har vore før. Klassequiz-general Erlend Blaalid Oldeide har køyrt nesten 3000 kilometer for å teste kunnskapane til 10. klassingane i fylket

Sjå semifinalane og finalen i Klassequizen 2013 - direkte frå Sogndal vidaregåande skule. Dei som møtast til kamp er elevar frå Flatbygdi skule, Farnes skule, Vassenden skule og Førde ungdomsskule.

SJÅ FINALEN i NETT-TV: Sjå semifinalane og finalen i Klassequizen 2013 - direkte frå Sogndal vidaregåande skule. Dei som møtast til kamp er elevar frå Flatbygdi skule, Farnes skule, Vassenden skule og Førde ungdomsskule. På biletet: Tony Lie, Edin Øy og Edvard Merkesvik frå Farnes skule.

– Det viktigasta har likvel ikkje vore sjølve reisa, men det å få treffe alle desse smarte og flinke 10. klassingane. – Det er slett ikkje alle spørsmåla eg hadde klart å svare på sjølv, vedgår sjefsgrillaren.

Dei fire laga som har kvalifisert seg er Farnes skule frå Øvre Årdal, Flatbygdi skule frå Vik, Vassenden skule frå Jølster og Førde ungdomsskule frå Førde.

Artikkelen held fram under biletet

Gjorde nesten reint bord

Erlend Blaalid Oldeide

HAR KØYRT NESTEN 3000 KILOMETER, Erlend Blaalid Oldeide

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Flatbygdi skule hadde 11 rette av 12 og var åleine om det. Dei tre andre semifinalelaga hadde 10 rette. Det hadde óg Kvåle skule frå Sogndal og Bulandet skule frå Askvoll.

Det som avgjorde kva lag som gjekk til semifinalar var vekta på ein stein. Alle laga i dei innleiande rundane tippa vekta på denne steinen, og dei tre laga med 10 rette som var nærast gjekk til semifinalane.

Onsdag blir det avgjort


Onsdag 27. februar skal det avgjerast kva skule som skal til landsfinalen i den store kunnskapstevlinga Klassequizen. Laget som vinn får tittelen fylkesvinnar og får ein pengepremie på 5000 kroner frå NRK Sogn og Fjordane.

– Det blir utruleg spanande seier Blaalid Oldeide, som skal leie den lokale finalen.

– Som nordfjording skulle eg jo gjerne sett eit Nordfjordlag i finalen, men slik blei det ikkje denne gongen, smiler Blaalid Oldeide.

Onsdag blir det Årdal og Vik som skal først i elden, før Jølster og Førde møtes til dyst. Etterpå møtest Sogn og Sunnfjord for å endeleg avgjerde kven som er dei smartaste 10. klassingane i fylket.

Har køyrt nesten 3000 kilometer

Erlend Blaalid Oldeide

HAR KØYRT FYLKET PÅ KRYSS OG TVERS: Erlend Blaalid Oldeide

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Desse fire laga har danka ut 23 andre skular i dei innleiande rundane, som starta 12. november og vart avslutta 30. januar. I denne perioden har Erlend Blaalid Oldeide tråla fylket på kryss og tvers.

– Det har blitt nesten 3000 kilometer på vegen. 15 ferjeturar og 324 spørsmål til dei 27 laga.

Starta på Sørlandet

Det var NRK Sørlandet som starta med Klassequizen for 10. klassingar i 2010. Etter to år var quizen så populær i Agder-fylka at NRK ville gjere den landsdekkande. Og denne sesongen er alle fylka i landet med. Sogn og Fjordane er eitt av fylka der flest skular melde seg på, godt over halvparten av ungdomsskulane vart med (27 av 46).

Berre fem av dei 26 kommunane var ikkje representerte. Mest sporty var dei i Gulen, der tre skular deltok.

Finalsending på NRK1 11. mai

Til finalesendinga i Sogndal har vi invitert med ein klasse frå kvar av dei fire semifinaleskulane som publikum og heiagjeng. For laget som blir fylkesvinnar ventar ein tur til Oslo og landsfinalen, som blir send på TV, på NRK1 laurdag 11. mai.

Florø-jenta Solveig Hareide er programleiar, og vinnarlaget frå Sogn og Fjordane møter 18 andre skarpskodde lag. I alt har 310 skular vore med på Klassequizen.

TV-sendinga vart produsert av ungdomsbedrifta MainStream UB frå Medielinja ved Sogndal vidaregåande skule. Regien er ved Eva Finden frå Vik som går 2.klasse Medium og kommunikasjon.