NRK Meny
Normal

Kjøtauksjon på bjørnen i morgon

90 kilo nyskoten bjørn skal under hammaren.

Bjørneskrott

Bjørnen er no flådd. Skinnet skal til Trondheim, kjøtet skal seljast.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Bjørnen blir frakta vekk
Foto: Steinar Lote / NRK

Telefonen på fylkesmannen si landbruksavdeling har ikkje stått stille etter at det vart kjent at kjøtet frå bjørnen som vart skoten i Fjærland på søndag skal auksjonerast vekk.

- Det har vore ein voldsom pågang. Vi har rett og slett mista oversikten, flirer rovviltkonsulent Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Les og: Bjørn til bryllaupsmat?

Les og diskuter: Bjørnen er skoten

Ikkje sidan 1956

Det har ikkje vore skote bjørn i Sogn og Fjordane sidan 1956. Den gongen i Leirdalen i Luster. Difor har interessa for å skaffe seg kjøtet vore enorm.

I morgon dreg Mjeldstad fram auksjonarius-hammaren sin og høgaste bod får kjøtet.

- Det skjer frå klokka ni til klokka tre. Skal eg seie mobilnummeret mitt? Det er 48143095. Kjøtet går til høgstbydande, seier Mjelstad og legg opp til telefonstorm.

Alt eller ingenting

Dersom du hadde planlagt å kjøpe ein ein 200 grams bjørnebiff til ein romantisk middag, kan du bli skuffa. For skal du først ha tak i bjørnekjøt må du kjøpe heile 90 kilo. For her går heile bjørneskrotten under eitt.

- Det hadde sikkert vore ei god løysing og selt den stykkevis, men det blir for arbeidskrevjande.

- Det er vanskeleg å spå prisen, men det er sagt at det skal vere ein minstepris på 100 kroner kiloen. Og så veit eg at det vart selt ein bjørn i Oppland for ei tid sidan, og der gjekk kjøtet for 210 kroner per kilo. Så det kan godt hende det endar rundt det, legg Mjelstad til.

Spesiell smak

Mjelstad sjølv er ingen førstereis-gutt når det gjeld å ete bjørnekjøt, og deler gjerne kulinariske opplevelsar frå sin bjørnemiddag som kan friste.

- Det er veldig spesielt. Då eg smakte det hadde eg problem med å forklare kva det likna mest på. Eg greidde ikkje å seie om det likna på ku eller hjort, det var ein slags mellomting.

- Sterk smak?

- Det vil eg ikkje seie, men det var ei sterk oppleving, seier Mjelstad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser