Hopp til innhold

Aftenposten: kraftutbygging vart smurt med pengar til bygda

Sogn og Fjordane Energi (SFE) betalte 1,5 millionar til lag og organisasjonar i Hyen dersom grunneigarane skreiv under på ein avtale om å vere positive til kraftutbygging i Gjengedalsvassdraget. Grunneigarane følte seg pressa til å skrive under.

Gjengedalsvassdraget

GJENGEDALSVASSDRAGET: Betalte SFE 1,5 millionar for å sikre seg støtte til kraftutbygging i vassdraget? Ja, seier grunneigarar og professor. Nei, seier kraftselskapet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er Aftenposten som melder dette.

For å sikre støtte frå nesten 30 grunneigarar, tilbaud kraftselskapet 1,5 millionar kroner til frivillige lag og organisasjonar i Gloppen kommune. Pengane ville kome dersom 90 prosent av grunneigarane skreiv under på avtalen.

Følte seg pressa

Grunneigarane forpliktar seg gjennom avtalen til å vere positive til kraftutbygginga.

–  Det vart lagt press på oss ved å skape ei forventing i resten av bygda. Ingen grunneigarar ønskte å vere den som sa nei til at bygda sine lag fekk så mykje pengar, fortel ein av grunneigarane, Tove Hanne Ommedal til Aftenposten.

Ommedal skreiv saman med dei andre grunneigarane under på avtalen. Pengane vart utbetalt i 2013. Denne veka godkjente kommunestyret i Gloppen utbyggingsplanane.

Kommunen er ein av ni eigarar i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Men sjølve avtalen som grunneigarane følte seg pressa til å skrive under på, vil kommunen ikkje meine noko om.

– Dette er ein avtale som kommunen ikkje har vore inne i. Difor ynskjer eg ikkje å kommentere den, seier ordførar Anders Ryssdal til avisa.

– I eit demokratisk perspektiv er dette eit problem

Både ekspertar og naturvernarar er kritiske til at SFE har inngått ein slik avtale og betalt 1,5 millionar.

– Med denne utbetalinga beveger kraftselskapet seg inn i ei gråsone. Dette er å kjøpe seg goodwill i lokalmiljøet, seier professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Harald Baldersheim.

Han seier kraftselskapet bevisst har brukt pengane til å presse grunneigarane til å skrive under.

– I eit demokratisk perspektiv er dette eit problem, seier Baldersheim.

Naturvernforbundet kallar pengane frå det interkommunale kraftselskapet for stikkpengar, og seier SFE har kjøpt vekk lokal motstand.

– Det er ei form for bestikking. Det kan godt vere det er lovleg, men det gjer det ikkje meir etisk riktig av den grunn, seier leiar i forbundet, Lars Haltbrekken.

Reagerer på framstillinga frå SFE

Dei fleste frivillige lag i Hyen, som vassdraget går gjennom, har fått pengar. Både Hyen idrettslag, hjelpekorpset, skulemusikken og Hyen kyrkjelydsråd. Sogn og Fjordane Energi har ifølgje Aftenposten skildra pengane som ein «bonus» som grunneigarane har forhandla fram.

Det er grunneigar Tove Hanne Ommedal ueinig i.

– Pengane vart ikkje forhandla fram. Dei vart lagde på bordet av kraftselskapet med beskjed om at dei vart utbetalte dersom 90 prosent av grunneigarane skreiv under på avtalen.

SFE avviser at dei har forsøkt å kjøpe støtte

Sogn og Fjordane energi avviser at pengane vart gjevne for å dempe motstanden i lokalbefolkninga.

– Forhandlingane skjedde på initiativ frå grunneigarane for å få til ei utbyggingsløysing det er semje om og økt vederlag til grunneigarane. Me tilbydde desse pengane for å sørgje for at ikkje berre grunneigarane, men også lag og organisasjonar i bygda sat att med noko etter utbygginga, seier produksjonsdirektør Ola Lingaas i Sogn og Fjordane Energi til Aftenposten.

Han meiner ikkje at SFE har freista å kjøpe støtte til planar om kraftutbygging. Han seier det er kompensasjon til eit lokalsamfunn for bruk av naturen deira.

– Dette har vore to partar som har forhandla om ei rekkje element, der dette vart ein del av resultatet, seier Lingaas.

Han påpeiker også at ingen av partane har mynde til å avgjere noko i konsesjonsbehandlinga.

Lingaas seier at slike utbetalingar er uvanlege. Men han seier at det ikkje er uvanleg at kraftutbyggingar gjer ringverknader til eit lokalsamfunn, til dømes gjennom utbetring av vegnett eller anna infrastruktur. Slike avtalar er forankra i privatrettslege avtalar, seier Lingaas.

Når konsesjonssøknaden skal behandlast skal Norges vassdrags- og energidirektorat leggje vekt på lokale haldningar, skriv Aftenposten.