Hopp til innhold

Vernar Naustdal - Gjengedal

Verneplanen set ein endeleg stoppar for ei kraftutbygging i området.

Ytre Langevatnet

Ytre Langevatnet i Naustdal blir verna.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Regjeringa har i dag oppretta Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde.

Får ti millionar

Saka om opprettinga av Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde har lagt i departementet sidan 2001, og har vore svært omstridd. Vernet set ein stoppar for den planlagde kraftutbygginga i Gjengedalen.

Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde omfattar kommunane Førde, Gloppen, Jølster og Naustdal på om lag 394 kvadratkilometer.

Kommunane får 1,5 millionar kroner til forvaltning av området. I tillegg vert det sett av ti millionar kroner til eit næringsfond i kommunane, slik at vernet kan bidra til positiv utvikling lokalt, heiter det i ei pressemelding frå Miljøverndepartementet.

Ålfotbreen verna

Ålfotbreen landskapsvernområde i kommunane Bremanger, Flora og Gloppen er på om lag 226 kvadratkilometer. Dette er den siste gjenverande delen av Ålfotbre-området som ikkje er påverka av vasskraftutbygging.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim seier han er glad for at dette området no er verna.