Hopp til innhold

Har ikkje delteke i konkurransar sidan byrjinga av juni - håpar å nå EM i august

Hekkeløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset (22) har sidan mai slite med ein betennelse i foten. Likevel satsar 22-åringen på å vere klar når EM i friidrett går av stabelen 12. august.

Kjerpeset

LENGE SIDAN: Øyvind Kjerpeset har ikkje fått delteke i konkurransar sidan byrjinga av juni, no håpar han å bli friskmeldt til EM.

Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

– Det riv i foten for kvart steg eg tek, seier Kjerpeset.

Friidrettsutøvaren frå Florø har ikkje delteke i konkurransar sidan byrjinga av juni, og har dei siste fire vekene berre trena på gras. Trass i dette er planen å springe på Bislett 2. august, undet eit norsk elitestemne.

– Viss eg får til å delta håpar eg å klare det ned mot «persen» min på 400 meter hekk. Både for å førebu meg, samt byggje opp sjølvtilitt fram mot EM, seier 22-åringen.

På sparket

Kjerpeset hadde før sesongen ambisjonar om å ta medalje under EM i friidrett, og sjølv med skaden håpar han å prestere godt om han stiller til start.

– Ein reise ikkje til EM for å gjennomføre. Viss eg har ein fot som fungerer veit eg at eg vil prestere godt, seier hekkeløparen.

22-åringen satsar alt på meisterskapen i Zurich, fordi foten mest sannsynleg ikkje toler mange løp. Før den tid må piggskoa, som ikkje har vore i bruk på fire veker, takast i bruk igjen.

– Eg må prøve å springe ein gong i piggsko før eg skal til Bislett, men det blir litt på sparket, seier Kjerpeset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Strømmen Kjerpeset

HÅPAR Å STARTE: Øyvind Kjerpeset håpar å vere på plass i startblokka når skotet går i finalen under EM i Zurich.

Foto: NRK

Har berre trent på gras

Kjerpeset var på ein treningsleir i USA i mai då han fyrst oppdaga smertene i foten. Det viste seg å vere ein betennelse som skulle forsvinne raskt.

– Fyrst fekk eg beskjed om at det ikkje var alvorleg, og eg tok ei veke med treningsfri for å bli frisk. Men i etterkant har det vist seg at det nok var meir alvorleg enn eg fyrst trudde, seier han.

Hekkeløparen har prøvd alle typar behandling og har trent på gras for å avlaste foten. Han fortel at det har vore vanskeleg å motivere seg til ni treningar i veka, når eit lite punkt under foten skal øydelegge for ein elles god form.

– Eg har lagt ned veldig mykje tid og arbeid i treninga og kroppen kjennest super. Men for å prestere på det nivået eg ønskjer må kroppen vere 100 prosent, seier 22-åringen.