Hopp til innhold

Kjenner du att denne sveisen? Gamle fotballkort gav ideen til ny VM-quiz

Det starta med eit lidenskapeleg forhold til fotballkort i barndommen. No har Rocketfarm lansert sin eigen quiz-app for VM.

Hårfin

HÅRFIN: Denne karen var ein fargeklatt på det Colombianske laget under VM i Italia i 1990. Men hugsar du namnet? Løysinga finn du i slutten av saka.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det byrja med at eg kjøpte tyggispakkar med klistremerke frå VM i 1994. Vi kjøpte mykje tyggis den sommaren, for å seie det sånn, seier Kjetil Sandvik Nilsson.

Det er han og kompisen Andreas Rønningen Sandbu som er hjernane bak originalen til appen Baluba, som er utvikla av Rocketfarm i Sogndal.

Dei siste tre dagane har ein nettversjon av appen fått over hundre tusen klikk på VG sine nettsider, der quizen no ligg under alle saker som omhandlar VM.

Frå excel til mobilapp

Men det heile starta i langt meir primitive former.

– Vi er begge fotballinteresserte og har alltid likt det som er merkeleg og rart med fotball. For eksempel litt eldre fotballspelarar med rare sveisar, skjegg og bart, seier Sandvik Nillson.

Derifrå var ikkje vegen lang før ideen om ein fotballquiz vart født: nokre excel-ark med kjente og ukjente fjes som andre kunne teste seg på. Alt vart delt gratis gjennom internett.

Med responsen dei fekk, skjønte dei at det var mogleg å ta konseptet eit steg vidare. Det skada heller ikkje å ha ein bror som heiter Jørn Sandvik Nilsson og jobbar i eit selskap som nettopp utviklar programvare til internett og mobil.

– Vi tenkte at dette kunne vere noko ein kunne gjere på bussen eller om ein ikkje har noko spesielt å gjere. Då er det fint å ha det på telefonen, for det har jo alle om dagen, seier Sandvik Nilsson.

(Artikkelen held fram under biletet)

VM-quiz utvikla i Sogndal

FULLTREFF: Dei siste tre dagane har internettversjonen fått over 100.000 treff på VG sine nettsider, som har quizen under alle saker som omhandlar VM. Appen er utvikla av Rocketfarm i Sogndal, her ved Rikke Westvig og Halvor Gregusson.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Utvikla i Sogndal

Appen er utvikla i Rocketfarm i Sogndal. Dagleg leiar Halvor Gregusson samla sjølv på fotballklistremerke i barndomen.

– VM i 1990, Lothar Matthäus dunka inn langskot frå tretti meter igjen og igjen. Han var i samlinga mi i klistremerkeboka. Det var stort, seier han.

Førebels har ikkje appen tatt av om ein ser på antal nedlastingar, sjølv om pila peikar oppover. Men responsen på internettversjonen har vore over all forventning.

– Konseptet er at man får testa seg på gamle og gode historiske fotballprofilar og målt seg mot vennane sine på kunnskap. Den interessa folk har for fotballprofilar gjer det veldig interessant å ta fotballkorta inn i mobilen, seier kommunikasjonsansvarleg Rikke Westvig.

PS. Spelaren på biletet øvst i saka er Carlos Valderrama.