Hopp til innhold

Katt i Gudvangatunnelen på E16

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bilistar som ferdast i Gudvangatunnelen på E16 må i morgontimane torsdag vere obs på ein liten kattunge som av ukjent årsak har rota seg inn i tunnelen.

- Den verka forstyrra og redd, seier Bjarne Sætervik som køyrde gjennom tunnelen like før klokka 7.30 torsdag morgon.

Klarte ikkje å fange katten

Det var vel ein kilometer inne i tunnelen frå Gudvangen-sida at Sætervik plutseleg fekk auke på ein liten krabat som ikkje høyrer heime inne i tunnelen. Sætervik stogga bilen og gjorde forsøk på å få tak i den vesle stakkaren.

- Eg var vel ein to-tre meter frå han, men den verka sky og redd så eg fekk ikkje tak i den, forklarar Sætervik til NRK.no.

Han måtte gje opp og køyre vidare, men oppmodar no andre bilistar om å vere obs på kattungen.

Har tidlegare stengt tunnelen på grunn av kattar

Tidlegare har det vore fleire tilfeller der ein har meint at folk bevisst har sett i frå seg kattar i tunnelar.

Leiteaksjon etter katta i gudvangatunnelen

Dyrevernlaget i Indre Sogn fann i juli i fjor to døde kattar inne i Gudvangatunnelen.

Foto: Randi Aarthun

I juli i fjor vart Gudvangatunnelen stengt av politi og vegvesen fordi det var observert fleire kattar inne i tunnelen.

Det er uklart kva som denne gongen har gjort at den vesle kattungen har forvilla seg inn i tunnelen på europavegen. Sætervik håpar det endar godt.

- Det er ikkje bra når slikt skjer, det er jo dyr vi snakkar om.

Ved vegmeldingssentralen har dei også tidlegare denne veka fått melding om ein katt i Gudvangatunnelen.

- Det har vore folk inne i tunnelen å leita etter katten denne veka, men dei har ikkje funne noko, seier vaktoperatør Ketil Molvær.

Like før klokka 11.30 torsdag føremiddag vart katten fanga i god behald.