NRK Meny
Normal

Kjempeval for Høgre i Solund

Ole Gunnar Krakhellen (H) kunne måndag kveld sleppe jubelen laus. Etter alle solemerke vert han ny ordførar i Solund.

Ole Gunnar Krakhellen

Jubel for Ole Gunnar Krakhellen. Biletet er teke på ei valvake på Sulefisk med mms-kamera.

Foto: Privat

Høgre har gjort eit brakval i Solund. Dei fekk ein oppslutnad på 33,7 prosent, noko som er ein framgang på 17,3 prosent sidan førre kommuneval. Dermed får partiet fem representantar i kommunestyret. Det er tre fleire enn i dag.

Her er resultatet frå kommunevalet i Solund .

Svært nøgd 25-åring

Det var ein svært nøgd Krakhellen som tok telefonen rett etter at han har fått resultatet. Partiet er samla til valvake på Sulefisk, der stemninga naturleg nok var høg.

– Veljarane har vore ganske tydelege. Vi har ein fenomenal framgang og er største partiet i kommunestyret, sa Krakhellen.

Reknar med avtale

Krakhellen trur det kan fleire grunnar til framgangen, og han peikar spesielt på at partiet har vore svært synleg i valkampen.

Krakhellen er til dagleg lærar ved Hyllestad skule. Han står og på fjerdeplass for Høgre til fylkestingsvalet.

Han er son til tidlegare ordførar Steinar Krakhellen, som i 1999 fekk reint fleirtal i kommunestyret i Solund.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser