NRK Meny
Normal

Klarte B-kravet til EM etter kanonløp på Bislett

Marius Vedvik frå Førde klinka til med ny personleg rekord på 29,12 på 10.000 meter på Bislett i kveld. Han sprang dermed under B-kravet til EM i friidrett.

Marius Vedvik

SOLID LØP: Marius Vedvik var ein svært glad mann då han sprang inn til siger og ny pers på Bislett torsdag kveld.

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

Under Norwegian Grand Prix på Bislett sprang førdeguten Marius Vedvik, Gular inn til siger på 10.000m på ny personleg rekord med sterke 29.12.84.

Dette er under B-kravet til EM i Zurich som er på 29,15. I stemnet var innlagt Nordic Challenge på 10.000 og Vedvik kunne ta imot gullmedalje som beste nordiske utøvar på distansen.

– Har teke eit stort steg

– Fantastisk løp av Marius der han viste fantastisk gode eigenskapar på slutten og drog frå den danske løparen som han hadde kjempa med gjennom heile løpet, dette hadde han bestemt seg for å vinne, seier dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim.

Han var svært nøgd med å kunne følgje med på løpet til Førde-guten, som hadde vore krinsrekord for Sogn og Fjordane om ikkje Marius Vedvik no tevlar for Gular i Bergen.

– Når han pressar tida under B-kravet på distansen har han teke eit nytt stort steg i si utvikling som langdistanseløpar, seier Heggheim.

Vil veldig gjerne til EM

Europameisterskapen går av stabelen i Zürich i august, og det å klare å kvalifisere seg til det stemnet er eit stort, men oppnåeleg mål, sa Marius Vedvik til NRK Sogn og Fjordane nyleg.

– Men skal eg klare å kvalifisere meg til EM, så må alt klaffe før den tid. Det er mykje arbeid som må til før det kan bli ein realitet, sa Vedvik då han vann Esefjorden Rundt på rekordtid 1. mai.

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i Vedvik etter sigeren torsdag kveld.

Sterkt av Frøysedal

Under stemnet på Bislett vann strynejenta Inger Anne Frøysedal (Tjalve) tresteg med solide 13,36 og avstanden opp til B-kravet til EM som er 13,65 er ikkje lang. Frøysedal fekk det meste av fjorårssesongen spolert grunna skade.

På 100m var to utøvarar frå fylket kvalifisert for A -finalen. Jostein Fossøy, Florø T & amp;IF sikra ein sterk 2. plass med 10.64 medan Øyvind Strømmen Kjerpeset, Florø T & amp;IF sikra 7. plass med 10,85.