Hopp til innhold

Marius knuste «uslåeleg» rekord - no satsar han mot EM

Vårens vakraste eventyr i Sogn har løpet Esefjorden rundt blitt kalla. Men denne gongen blei det til vårens raskaste eventyr for førdianaren Marius Vedvik. No drøymer han om EM-billett.

Marius Vedvik

NY REKORD: Marius Vedvik frå Førde sprang inn til ny rekord i Esefjorden rundt 1. mai.

Foto: Lars Jonas Pedersen / gang.no

I 1998 sprang Svein Inge Buhaug frå Årdal rundt Esefjorden på 26 minutt og 51 sekund. I 16 år har rekorden stått, og ingen trudde at den ville bli slegen. Men Marius Vedvik frå Førde knuste til i sola i Balestrand i dag.

Gular-løparen kom i mål på den svært sterke tida 24,31, og Vedvik var ein svært glad gut etter løpet rundt fjorden.

Hadde med familien

– Eg var med i dette løpet for første gong for to år sidan, då var eg eitt og eit halvt minutt bak rekorden. Så har eg heva meg ein del sidan den gong, og etter Sentrumsløpet sist laurdag der eg for første gong var under 30 minutt på mila, då forstod eg at det kunne gå, seier Vedvik til NRK.

Med mor, far og bestefar som ivrige tilskodarar langs løypa kunne Vedvik sikre siger og rekord.

– Det var veldig kjekt å springe i dag. Når eg såg målstreken og hadde eitt minutt igjen, då skjønte eg at dette kom til å gå. Det var ei veldig god kjensle, ikkje minst fordi eg hadde familien min tilstades.

Satsar hardt på 10.000 meter

Vedvik satsar knallhardt på lange løp denne sesongen, og sist helg braut han ei barriere då han sprang under halvtimen på 10.000 meter i Sentrumsløpet i Oslo. Gode tider gjev motivasjon for resten av sesongen.

– No sprang eg på 29,43 i Sentrumsløpet i ei tøff løype, så ned mot 29,10 på 10.000 på bane trur eg skal vere mogleg. Då har eg faktisk B-kravet til EM inne. Men vi får sjå korleis det går, det må jo gjerast først, seier Vedvik.

Mykje arbeid må til

Europameisterskapen går av stabelen i Zürich i august, og det å klare å kvalifisere seg til det stemnet er eit stort, men oppnåeleg mål, meiner løparen.

– Men skal eg klare å kvalifisere meg til EM, så må alt klaffe før den tid. Det er mykje arbeid som må til før det kan bli ein realitet, smiler den glade vinnaren av Esefjorden rundt.