Hopp til innhold

Kjempar i toppen, men vil ikkje opp

Sogndal 2 kjempar heilt i toppen av 3. divisjon, men opprykk er ikkje målet i år.

Morten Wigum

Trenar for Sogndal 2, Morten Wigum.

Foto: Arne Eithun / NRK

Måndag kveld vart det 2-2 og poengdeling borte mot Stryn .

- Mykje som må på plass

Dermed er både sogndølene og Stryn oppe på 19 poeng. Det er høvesvis fem og tre poeng bak serieleiar Årdal og tabelltoar Tornado Måløy.

- Det er ikkje noko vi har byrja å tenke på. Det er mange ting som må falle på plass, seier trenar for Sogndal 2, Morten Wigum, på spørsmål om laget i år ynskjer å ta steget opp eit hakk.

Satsar på 3. divisjon

For medan Sogndal kjempar i toppen av 1. divisjon, kjempar andrelaget i toppen av 3. divisjon.

- Andrelaget skal vere ein arena der vi skal utvikle spelarar og gje reservane på førstelaget kamptrening og matching, seier Wigum.

- Men vil ikkje spel i 2. divisjon gje betre matching?

- Sportsleg sett er det eit høgare nivå, men det gjev oss også ei heilt anna reisebelastning, seier Wigum.

Vil koste meir

Samstundes vil også 2. divisjon gje klubben langt høgare reisebudsdjett for andrelaget. Sjølv om NFF yter noko økonomisk hjelp til 2. divisjonsklubbane.

- Dette er ikkje noko ein har diskutert, men ein kan byrje å rekne på det om ein til dømes får turar til Austlandet, bergensområdet og Stavanger, seier Wigum.

Langt fram

Det er uvisst kva eit eventuelt oppryk til eliteserien vil få å seie for Sogndal si satsing på andrelaget.

- Det veit vi ikkje før sesongen er over, og det er lang veg dit. 3. divisjon avsluttar i tidleg i november, medan Adeccoligaen ikkje er ferdig før i november. Vi får ta det litt som det kjem, seier Wigum.

Misnøgd med eitt poeng

I Stryn leia Sogndal 2 med to mål etter 71 minutt. Men det var innbyttarane sin dag for heimelaget, og åtte minutt seinare utlikna Johnny Myklebust til 2-2.

- Stryn får ei unødvendig scoring, og trykkjer etter den på for å få utlikninga. Og den får dei. Eg er ikkje heilt nøgd med at vi misser tomålsleiinga, og vi hadde avslutningsvis sjansen til å ta med oss alle poenga, seier Wigum.

Finske Valtter Laaksonen og sjølvmål av Geir Hol Egge sytte for sogndalmåla, medan Jon Terje Tjellaug scora Stryn sitt første.