Hopp til innhold

Kjempar for si politiske karriere

Høgre-politikar Jacob Nødseth kjempar i dag for si politiske karriere. Bystyret i Flora skal avgjere om han får halde fram som leiar i helse- og sosialutvalet.

Jacob Nødseth og Høgre sin gruppeleiar i Flora bystyre, Hanne Husebø Kristensen

KAN BLI KASTA: Jacob Nødseth kan i dag bli kasta som leiar for helse- og sosialutvalet i Flora kommune. Hanne Husebø Kristensen seier Høgre sjølv har teke til orde for at saka skal opp i bystyret.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stormen rundt den unge politikaren held fram med full styrke.

Samarbeidsklimaet mellom han og den politiske leiinga i kommunen er betent, og no vil sterke krefter kaste han som leiar i helse- og sosialutvalet.

Det er knytt stor spenning til dagens møte, og det er uvisst kva som blir utfallet. Oppløysing og val av nytt utval er det einaste som står på programmet.

SISTE: Jacob Nødseth var etter ein timelang debatt kasta som leiar av utvalet. Heile utvalet er oppløyst og det er formannskapet som i tida framover skal handsame helse- og sosialsakene.

Tok opp saka til handikappa gut

Konflikten rundt Nødseth blussa opp att etter at han kalla inn til ekstraordinært utvalsmøte om behandlingstilbodet til ein multihandikappa gut på 18 år.

Familien har følt på at dei har kjempa mot Flora kommune i ti år for å få hjelp, og seier at Jacob Nødseth er den einaste som har teke saka deira på alvor.

Medan administrasjonen sa tvert nei, gjekk utvalet inn for å gje guten eit privat omsorgstilbod. Dette vart seinare stadfesta av bystyret.

Det skal vere i samband med denne saka at fleire kommunalt tilsette har følt seg dårleg behandla av Nødseth.

– Uro, konflikt og mistillit

Sist veke kalla ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) inn til eit ekstraordinært bystyremøte i saka. I pressemeldinga skreiv han at utvalet ikkje fungerte.

– Det er prega av uro, konflikt, mistillit og uvisse i ein slik grad at det går utover det politiske arbeidet, skreiv ordføraren i pressemeldinga.

– Det er viktig at arbeidsmiljøet i og rundt utvala fungerer tilfredsstillande, spesielt i forholdet mellom politikk og administrasjon. Slik er det dessverre ikkje i dag, og ordføraren ber derfor bystyret gjere ein omorganisering av utvalet ved å endre samansettinga av medlemer, stod det i pressemeldinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hanne Husebø Kristensen og Bengt Solheim-Olsen

VIL KASTE NØDSETH: Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) vil kaste partikollega Jacob Nødseth frå leiarvervet i helse- og sosialutvalet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trakassering av administrativt tilsette

Lokallaget i Høgre har avvist at det er den aktuelle saka om behandlingstilbodet til den 18-år gamle guten som er årsak til at dei no vil fjerne Nødseth som HSU-leiar.

Gruppeleiar for Høgre i Flora, Hanne Husebø Kristensen, seier til NRK.no at det er skuldingar mot Nødseth som går på trakassering og harselas med dei administrativt tilsette som er bakgrunnen for at dei tok saka til bystyret.

– Flora Høgre har bedt om denne saka, med det formål å rokere eigne kandidatar i utvalet. Då er det slik at den einaste måten vi kan gjere det på er å først avsette heile utvalet, seier ho.

– Dette handlar om at Høgre har bedt om å få ta tak i det som vi tek veldig på alvor. Skuldingar som kome frå administrasjonen, som er blitt konkludert med i kontrollutvalet og følgd opp frå arbeidstakarorganisasjonar og verneombodet til dei tilsette, seier ho til NRK.no.

«Kritikkverdige forhold»

I vedlegget til sakspapira kjem det fram at både verneombodet og tillitsvald for dei administrativt tilsette i kommunen ber om at det blir teke tak i det som skildrast som «svært vanskelege arbeidsforhold». Det blir vist til «kritikkverdige forhold i HSU-leiar Jacob Nødseth sine handlingsmåtar ovarfor administrasjonen – og konsekvensane dette har for arbeidsmiljøet og arbeidskapasiteten i leiinga».

Nødseth skal ha instruert kommunalt tilsette utover sine fullmakter, og skal også ha kome med truslar ovanfor kommunalt tilsette, går det fram av sakspapira.

Husebø Kristensen seier dette er noko Høgre tek på fullt alvor, og at dei difor vil kaste Jacob Nødseth som leiar av utvalet.

Har ikkje greidd løyse floken internt

Ho seier dei har prøvd å gjere noko med dette internt, før dei fekk saka opp for bystyret, men at dei ikkje har lukkast med å finne ei løysing.

– Dette handlar om kor vidt i kan la vere å ta slike skuldingar som blir lagt fram her på alvor eller ikkje. Og om vi skal ta på alvor det oppdraget vi har som arbeidsgjevar, og det ansvaret vi har for å få eit så viktig utval til å fungere, seier Husebø Kristensen.

Debatten har gått sidan klokka 15.30 tysdag ettermiddag, og det er usikkert kor lenge møtet vil vare.

Meiner han ikkje har gjort noko gale

Nødseth sjølv kjempar for sin plass og sa mellom anna frå talarstolen at han meiner han ikkje har gjort noko gale.

Også støttespelarar av Nødseth har vore tydelege. Allereie like etter at møtet var starta var Frank Willy Djuvik (Frp) framme og meinte sakslista var feil, innkallinga var feil og ville ha heile saka avvist. Fleirtalet i bystyret heldt på at saka skulle behandlast.

Også Halvor Halvorsen frå Venstre var tidleg på bana. Han prøvde kome med eit endringsforslag som betydde at saka skulle bli utsett og at Nødseth skulle gå i mekling med dei i administrasjonen som han skal ha trakassert. Også dette forslaget vart avvist.

Bystyremøte i Flora om framtida til Jacob Nødseth som leiar i helse- og sosialutvalet

MØTTE OPP: Rundt eit trettitals tilhøyrarar har møtt opp, i tillegg til kontrollutvalet, bystyremedlemmar og administrasjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK