Kaupanger rykkjer ned

To raske Åsane-mål like før slutt mot Amazon Grimstad vart spikeren i kista for damelaget til Kaupanger. Etter 0-1 heime for Medkila måtte Åsane tape sin kamp for at grøntrøyene framleis skulle ha kvalifiseringsplassen innan rekkevidde. Slik gjekk det ikkje. Åsane vann 3-2, og Kaupanger må ned i 2. divisjon.