Hopp til innhold

Kaupanger-damene held fram mot opprykksmålet

3–0 var resultatet gjestene frå Haugar måtte reise heim med.

Kaupanger damelag 2017

SIGER: Kaupanger damelag vann 3-0 mot Haugar i siste kampen før sommarferien. Etter sommaren ventar Fyllingsdalen i første oppgjer.

Foto: Rita Orrestad

Når Vårin Ness er heime på sommarferie frå college-fotballen i USA, ligg ho ikkje på latsida. Etter tre minuttar sende ho Kaupanger damelag i leiinga.

Det var heilt etter planen.

– Vi var einige før vi starta om at vi skulle gå ut i hundre. Stå høgt i bana, og vinne alle duellane, fortel Ness.

Kaupanger heldt fram i same spor, og heldt trykket oppe mot gjestene frå Haugesund i 2.divisjonskampen.

– Vi køyrde på gjennom heile kampen med vår spelestil, og fekk mange sjansar, konkluderer Ness.

Sjølv sette ho også mål nummer to for Kaupanger. Silje Torvanger ordna det tredje. Eit etterlengta mål etter ei lang, ufrivillig fotball pause på grunn av skade.

Ligg på tabelltopp

Trenar Øystein Lindesteg Rinde seier seg svært nøgd med kampen damene leverte i

Øystein Lindesteg Rinde

TRENAR: Øystein Lindesteg Rinde satsar på at Kaupanger damelag skal spele i 1.divisjon neste sesong.

Foto: Haavard Nesbø

dag. No tek dei fotballferie i tre veker, med godt samvit.

– Vi er eigentleg betre enn Haugar, og det synte vi i dag. Det var ein god kamp, seier Lindesteg.

Sigeren betyr at dei beheld plassen på toppen av tabellen.

– Det er viktig å vere i posisjon til å rykke opp. Det er det som er målet, fortel Lindesteg.

Han skryt ekstra mykje av Silje Torvanger, som kom tilbake etter eit seks månadar langt skadeavbrekk.

– Det var eit mål med enorm glede i. Eg har god tru på Torvanger tilbake i godt gamalt slag til hausten att.

Men då må Kaupanger-damene klare seg utan målmaskin Vårin Ness.

Skal spele på høgre nivå i USA

Til hausten ventar nye utfordringar for Vårin Ness i USA. Etter to år med college-fotball i tennessee, er det nytt lag og ny skule i Florida som ventar.

– Det blir som å kome på USA på nytt. Men eg gler meg til nye utfordringar, seier Ness.

Det nye laget, Florida Gulf Coast Eagles, spelar på eit høgare nivå enn det førre. Det svarar til rundt toppen av 1. divisjon eller botn av toppserien her i Norge.

No er målet ein god sesong over Atlanteren, men så kan fotball i heimlandet vere aktuelt igjen, fortel Ness.

– Det er lettare å halde fram i Sverige eller Norge når eg ikkje kan spele college-fotball meir. Men vi får sjå. Får eg tilbod i USA, så er det eit alternativ.