I morgontimane torsdag har det igjen blitt observert ein liten katt inne i Gudvangatunnelen, som ligg på E16 mellom Flåm og Gudvangen. Også tidlegare denne veke skal vegmeldingssentralen ha fått meldingar om ein katt inne i tunnelen.
- LES OG:
Stengjer tunnelen i ettermiddag
Tunnelen som ligg på hovudfartsåra mellom Bergen og Oslo er sterkt trafikkert. I Dyrevernlaget i Indre Sogn er leiar Randi Aarethun opprørt over at det nok ein gong er sett ein katt inne i tunnelen.
- Dette er forferdeleg. Eg vert forbanna, seier Aarethun til NRK.no.
Ho har no fått Statens Vegvesen med seg på å stengje tunnelen for å leite etter katten. Så snart Dyrevernlaget har samla saman folk som kan vere med å leite må folk bu seg på å vente på å komme gjennom Gudvangatunnelen.
- I løpet av ettermiddagen kjem vi til å stengje tunnelen i periodar på inntil 30 minutt, seier vaktoperatør ved vegmeldingssentralen, Kjetil Molvær som seier stengingane truleg vil finne stad etter klokka 12.
Aarethun er no i gang med å få tak i folk som kan vere med å leite. Ho seier dei som vil vere med må ta kontakt snarast.
(Artikkelen held fram under biletet)
Håpar å redde katten
Det er berre halvanna år sidan sist Dyrevernlaget gjennomførte ein slik leiteaksjon. Dyrevennen håpar ting skal gå betre denne gongen.
- Sist gjekk det alt for lang tid mellom at kattane vart sett og vi fekk stengt tunnelen for å leite. Den gong fann vi to døde kattar. Eg håpar inderleg at vi kan klare å finne denne katten i live, seier Aarethun til NRK.no.
Ho er difor svært glad for at vegvesenet allereie har sagt ja til å stengje tunnelen.
- LES OG:
- LES OG:
Ingen veit kva som gjer at katten har kome seg inn i tunnelen. I lys av tidlegare erfaringar vert Aarethun derimot ikkje overraska om det er nokon som har dumpa katten.
- Det forundrar meg ikkje om nokon har sett katten igjen med vilje, dessverre ser vi dette gong på gong.