NRK Meny
Normal

Karina tok grep då ho trengde det som mest - no er ho kåra til månadens gründer - igjen

Hardt råka av posttraumatisk stressyndrom, bestemte Karina Hetle Solheim seg for å ta grep. Det vart starten på hennar nye liv – og starten på suksesshistoria Fosseheimen Naturpark i Gaular.

Karina Hetle Solheim

NY PRIS: Karina Hetle Solheim, her med eit eksemplar av bladet som har gjeve henne meir heider og ære for det ho har oppnådd etter den vanskelege tida for nokre år sidan.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det starta med posttraumatisk stressyndrom, og ein øydelagd rygg. No har Karina Hetle Solheim frå Nittedal skapt sin eigen arbeidsplass, saman med ektemannen Ståle.

Vendepunktet kom med ein svært vanskeleg situasjon tilbake i 2005.

– Eg sette meg ned. Ransaka hovud og hjarte, alle mine og våre ressursar. Tok tak i situasjonen, analyserte den og greip tak i den, fortel Hetle Solheim om situasjonen ho brått stod i.

Vart bom stopp

For prega av ei traumatisk oppleving, prøvde Hetle Solheim å halde det gåande med jobb og det som var. Men då det sa stopp, så sa det også bom stopp. Ho fekk ein kraftig psykisk nedtur, og var så sjuk at ho mest ikkje klarte å gå.

Dyra på garden mata ho medan ho stod på alle fire og det viste seg etter kvart vanskeleg å komme seg til behandling. Saman med fysioterapeut vart ho samd om eit alternativ opptreningsopplegg som sakte men sikkert tok henne tilbake.

– Eg berre bestemte meg for at no må eg gjere noko. Eg trur det også er difor vi har lukkast så godt med det vi gjer, seier ho.

Fekk pris i kvinneblad

Fosseheimen naturpark

RIDELEIR: Fosseheimen Naturpark byr også på rideleirar.

Foto: Privat

Resultatet av den tunge situasjonen vart Fosseheimen Naturpark i Viksdalen. I fjor dei BU-prisen for Sogn og Fjordane og vart kåra til månadens gründer i Kvinnovasjon sin bygdeutviklingspris i Sogn og Fjordane.

Denne veka vanka det på ny pris for naturparken. Denne gong som månadens gründer i kvinnebladet «Alt for damene».

– Det var ei kjempeoverrasking. Eg fekk e-post med nokre spørsmål for ein månads tid sidan. Eg svarte på dei, men høyrde ikkje noko meir så eg trudde det ikkje var bra nok. Så fekk eg ei tagging på Facebook av nokon som hadde lest bladet på eit legekontor, humrar Hetle Solheim.

Frå Nittedal

– Då var det som om eg flaug på ei rosa sky, ler ho vidare.

Hetle Solheim er opphavleg frå Nittedal utanfor Oslo, men livssituasjonen og håp om eit betre liv førte henne til Vestlandet. Her har ho, og mannen Ståle, bygd opp naturparken stein for stein.

– Eg er for glad i å leve til å sjå på livet som ei belastning, fortel ho og vedgår at ho hadde vedda millionen om nokon hadde sagt til henne som 25-åring at ho kom til å flytte til Vestlandet for å drive med dyr.

Meir sta enn eselet

Fosseheimen naturpark

NATUR: Naturparken er tufta på dyr, natur, kultur og historie.

Foto: Privat

Hetle Solheim meiner livsgleda og staheita skal ha mykje av æra for at ho har kome seg tilbake til livet etter den tøffe tida.

– Staheit er ein positiv eigenskap. For hadde eg ikkje hatt den, så hadde eg sikkert ikkje vore som i dag. Men eg er ekstremt målbevisst, set meg store og små mål heile tida, seier ho og legg til:

– Og så har eg eselet. Eg tykkjer ikkje dei er så sta. Kanskje det fordi at eg er meir sta?

Takkar Nav for støtta

I dag er Hetle Solheim audmjuk og takksam for hjelpa ho har fått frå NAV.

Ho fekk eitt år som nettstudent hos BI, og etaten, som har fått mykje kritikk siste åra, var også ein støttande part då tankane om naturparken skulle realiserast.

Fosseheimen naturpark

POPULÆRT: Tilbodet i Viksdalen er populært for folk i alle aldrar.

Foto: Privat

– Dei trudde på meg, seier ho og tykkjer det er strålande at NAV no ynskjer eit samarbeid med opplevingssenteret som er tufta på natur, kultur, dyr og historie i Gaular. Parken er eit lågterskeltilbod for dei aller, aller fleste og vert også nytta som 4H-gard .

NAV vil samarbeide

– NAV vil samarbeide med oss, og andre 4H-gardar, som ein ressurs. Her kan dei som skal på arbeidstrening få ein del av det, seier ho og godt kunne tenkt seg eit liknande tilbod då ho sjølv hadde det som tyngst.

Ofte kan det kjennast tungt å bli plassert ut for arbeidstrening.

– Eg vil veldig gjerne vere til hjelp for andre. Det viktigaste er å gjere ein jobb som betyr noko for andre og vi ynskjer å gje alle gode opplevingar, nærleik til menneske dyr og natur, seier ho.

– Kjekt å få skryt

Sjølv om det ikkje kjem verken store diplom eller pengesummar med den siste gründerprisen, er ho veldig takksam for omtalen.

Etter å ha publisert omtalen på Facebook i dag, har ho allereie fått 250 liker og ei lang rekkje kommentarar.

– Sjølvsagt betyr dette noko. Det er viktig å bli anerkjend. Mykje viktigare enn eg trudde. Det er kjekt å få skryt, avsluttar ho.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå