Med ein blomsterbukett og ein sjekk på 50 000 kroner blei Ståle Hetle og Karina Hetle Solheim takka for arbeidet med å gje born og unge trygge naturopplevingar.
Det er Innovasjon Norge som står bak prisen som blei delt ut på fylkestinget i Balestrand tysdag.
Ekteparet driv Fosseheimen Naturpark i Viksdalen i Gaular. Her har dei utvikla eit opplevingstilbod med eit breidt spekter av natur- og dyreopplevingar til barn, unge og vaksne.
Naturparken er ein godkjend 4H-gard, og ein sentral aktør i reiselivsutviklinga i Viksdalen. Dei satsar på lokalt samarbeid for å kunne tilby både aktivitets- og matopplevelsar i eit heilskapleg perspektiv.
- LES OGSÅ:
Dobla besøkstal
Naturparken starta opp 15. mai 2010 og har med utgangspunkt i tradisjonelt landbruk og sauehald, utvikla eit opplevingstilbod på gardsbruket.
Garden ligg i Viksdalen, og langs vegen til Nasjonal Turistveg Gaularfjell.
Frå oppstarten sommaren 2010 har tal besøkande dobla seg, og vel så det. Satsinga har vorte ei viktig tilleggsnæring, som bidreg til eit godt resultat på garden.
- LES OGSÅ:
50 000 kroner i prispengar
Juryen har spesielt merka seg at vertskapsparet har utvikla ei attraktiv tilleggsnæring med utgangspunkt i tradisjonell gardsdrift og lokale ressurser. Dei er samarbeidsorienterte, og har fokus på vekst og utvikling. Avgjerda i juryen var samrøystes.
Prisen er på 50.000 kroner og blei delt ut av juryleiar og styreleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Jenny Følling, under opninga av Fylkestinget i Balestrand.
Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Fosseheimen Naturpark vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale BU-pris, der det vert plukka ut ein vinnar som får 200.000 kroner.
- LES OGSÅ: