Hopp til innhold

Karadas ferdig som Brann-spelar

Azar Karadas frå Nordfjordeid er ferdig som spelar i fotballklubben Brann. Kontrakten hans blir ikkje forlengt når den går ut ved nyttår. Det skriv Sportsklubben Brann på eigne nettsider. 38-åringen hadde sjølv håpa på ein ny sesong i klubben. Karadas har spelt meir enn 250 kampar for Brann. Partane diskuterer framleis ei mogleg anna rolle for Karadas i klubben frå neste år.

Azar Karadas
Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK