Hopp til innhold

Karadas blir ikkje Brann-spelar

Eidaren Azar Karadas blir ikkje Brann-spelar.  I går var Benfica-spelaren tilbake i Bergen etter nokre dagar i Lisboa.

 

Azar Karadas
Foto: Tor Richardsen, Scanpix, Richardsen, Tor

24-åringen har der freista å forhandle med Benfica-leiinga om ein sluttpakke som portugisarane har nekta å betale ut ved ein overgang til Brann. Men Karadas fekk ikkje gehør, og dermed blir det ikkje overgang.

Portugisiske kjelder fortel til Bergensavisen at Benfica meiner dei vil få mykje meir att økonomisk ved å selje eller leige ham til ein annan klubb.