NRK Meny
Normal

Kapteinen sikra tre poeng

Jens-Ivar Nilsen sikra Fjøra sine tre første poeng for sesongen.

SJÅ: Her kan du følgje 3. divisjon

Heimelaget vann ein fullt fortent siger over Tornado Måløy.

Fjøra - Tornado Måløy 1-0 (1-0)

Sognahallen

Kampen er i gang

1-0 Jens-Ivar Nilsen, 15 min. Kapteinen set inn sitt første mål for sesongen frå 14 meter etter pasning frå Vegard Ruud.

Pause - Gjestene frå Vågsøy var best i opningsminutta, men Fjøra tok etterkvart meir og meir over kampen. Vertane har produsert fleire store sjansar og har kome til farlege avslutningar. Dommar Vidar Hilmen (Øystre Slidre) har i løpet av dei første 45 minutta delt ut gult kort til Torstein Rutledal, Sveinung Frantzen (begge TMFK) og Terje Flugheim (Fjøra).

Andre omgang er i gang att.

75 min. - Nærmar seg kampslutt. Kampen har jamna seg noko ut etter pause, men heimelaget produserer framleis store sjansar. TMFK-keeper Kenneth Fosse Elde står ein god kamp.

90 min. - Lagt til seks minutt i Sognahallen.

Slutt - Scoring ved kaptein Nilsen sikrar Fjøra sin første siger for sesongen, medan Tornado Måløy går på sitt andre strake tap. Gjestene var farleg framme på slutten av kampen og kunne sikra seg eitt poeng.

LES OGSÅ: Matchvinnar for første gang

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå