Hopp til innhold

Matchvinnar for første gang

- Det kjendes godt. Det er ikkje kvar dag eg scorar, gliser Jan-Ivar Nilsen etter å ha sikra Fjøra årets første siger.

Jens-Ivar Nilsen (Fjøra) i duell med Kristjan Ingi Nesse (Høyang) i 2007.

Jens-Ivar Nilsen sikra Fjøra årets første siger i 3. divisjon.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nilsen påførde Tornado Måløy deira andre tap for sesongen då han 15 minuttar ut i kampen gjorde 1-0 for Fjøra.

Lukkeleg målscorar

Gjestene frå Vågsøy yppa seg på tampen av kampen, men resultatet stod seg kampen ut.

SJÅ: Alle resultata i andre runde

- Det er ikkje kvar dag eg scorar. Eg hadde vel fem i fjor for Fjøra, så dette er mitt sjette. Det spørs om det ikkje er første gang eg er matchvinnar også, seier ein godt nøgd Nilsen etter kampslutt.

- Viktig siger

Fjøra tapte førre helg for Selje. I veka tok dei seg vidare i cupen på bekostning av Florø. Nilsen meiner det var viktig å få årets første siger.

- Etter ein slik start må ein berre kome seg på beina att så snart som mogleg. I dag tykte eg vi var gode og dominerte det meste i kampen. Det gjorde godt å vinne att, seier han.

Vann fortent

TMFK var best i opningsminutta, men Fjøra tok meir og meir over spelet. Gjestene yppa seg på slutten, men Nilsen tykkjer dei alt i all vann ein fortent siger.

- Vi var meir gjennombrotshissige og står høgt. Når vi får bakrom som i dag, då trivast vi godt. Vi gjorde det unødvendig spennande på slutten. Då kjem vi meir bakpå og dei får nokre farlege sjansar, seier Nilsen

Seks minutt overtid

Kampen var først over etter seks minutt tilleggstid. Dette på grunn av skadar. Kaptein Nilsen var mellom fleire som fekk seg både ein og to smellar i kampen. Få minutt ut i andre omgang måtte han ut med skade.

- Det var eit hendeleg uhell. Tore Rylandsholm tek ei finte på meg og trakkar meg på ankelen. Eg prøvde å gå det av meg, men det nytta ikkje. Det viktigaste var å avslutte med 11 friske mann, seier han.