Hopp til innhold

Kaos på fjellovergang: Mange vogntog stod fast på det glatte føret

Det har i føremiddag vore tilløp til kaos på riksveg 52 Hemsedalsfjellet. Eit vogntog køyrde i grøfta, og fleire andre stod fast i dei bratte bakkane.

Vogntog i grøfta ved Borlaug

BOM FAST: Eit norsk vogntog kom ut i grøfta om lag ein kilometer aust for Borlaug på riksveg 52.

Foto: NRK-tipsar

Eit norsk tankvogntog stod i grøfta om lag ein kilometer ovanfor Borlaug-krysset, og sperra all trafikk på veg opp mot Hemsedalsfjellet. Dette vogntoget ein no fått opp av grøfta, og vegen er opna att for fri ferdsel.

– Det stod ein 12–15 vogntog i det området som var verst, og dei byrja også å stogge vogntog som kom austfrå på Breistølen også, fortalde Jan Geir Solheim, som kom seg forbi med personbil.

Han fortel at det var speilglatt i vegbana, og at mange av dei store bilane som var på veg austover mot Hemsedal køyrde utan kjetting.

– Det er rett og slett heilt såpeglatt, og det er vanskeleg å stå på beina, seier Solheim.

Vegtrafikksentralen opplyser til NRK at vegen er open for fri ferdsel, men stadfestar at det har vore svært glatt i vegbana. No er riksvegen opp frå Borlaug strødd, opplyser Statens vegvesen.