Kan spare ein tredjedel

Ein tredjedel budsjettet helse og omsorg i Bremanger kan bli skore vekk.

Svelgen
Foto: Nils Ola Strand

- Det blir slege fast i rapporten at i forhold til andre, samanliknbare kommunar ligg vi høgt, seier ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad.

- Bremanger har hatt ein forholdsvis god økonomi og vi har ikkje hatt behov for å vere restriktive på administrasjonsnivået vårt, seier Svarstad som forklaring på dei høge kostnadene.

Meir omsorgsbustader

Konsulentfirmaet Rune Devold har analysert omsorgsbiten i ei rekke kommunar her i landet og har stort sett alltid konkludert med at her er mykje å spare. Bremanger har eit godt helse- og omsorgstilbod slær rapporten fast, men det er dyrt, og peikar på fleire ting som kan endrast i tillegg til redusert administrasjon.

- Ein ting som er tilrådd er å bruke meir omsorgsbustader enn sjukeheim. Det eit anna kostnadsnivå på omsorgsbustader, så det kan vi spare mykje på, seier Svarstad.

- Meir enn forventa

Han er overraska over at dagens budsjett kan reduserast i beste fall med fram mot ein tredjedel.

- Det var meir enn eg hadde forventa, seier han.

No blir denne rapporten lagt til grunn for organiseringa av omsorgstenesta i Bremanger dei komande åra - og Svarstad meienr dei sjuke og eldre ikkje skal merke reduksjon i kvalitet.

- Vi skal vri ressursar frå administrasjon til brukarane sine tenester. Så eg trur ikkje den enkelte brukar vil merke noko til dette. Det er i alle fall det som står i rapporten, seier Svarstad.