Hopp til innhold

Kan måtte leve med radioaktivitet i 20 år til

Det er i år 30 år sidan det som blir rekna som den verste kjernekraftulukka nokosinne. Men for mange sauebønder er den ikkje berre fortid.

Sauer i fjellet

UTSETT FOR STRÅLING: Særleg under gode soppår er sauene i Luster, og fleire andre stader i landet, utsett for radioaktivitet. Illustrasjonsfoto frå Fivla i Luster.

Foto: Asle Hella/NRK

Eksplosjonen i kjernekraftverket øydela ikkje berre byen Tsjernobyl, men strekte seg langt utover landegrensene, også til Norge.

Og konsekvensane må bøndene framleis leve med, mellom anna i Luster. Radioaktiviteten ligg framleis i jorda, som eit ubehageleg minne.

– Det er framleis nokre sauebuskapar som har hatt høge verdiar fram til denne tid, fortel Rune Myklatun, som er avdelingssjef i Mattilsynet i Sogn og Sunnfjord.

Må på nedfôring

Rune Myklatun Mattilsynet

FØLGJER MED: Avdelingssjef i Mattilsynet i Sogn og Sunnfjord, Rune Myklatun.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei er jamleg på besøk i Skjolden og Jostedalen for å ta såkalla «levande-dyr-målingar». Om strålinga sprengjer grensa, må sauene på nedfôring.

– Då går dei på eit beite som er fritt for radioaktivitet. Etter to-fire veker går nivået ned, og då kan dei sendast på slakt, seier Myklatun.

At ein merkar det så langt vekke frå Tsjernobyl, og så lenge etterpå, kan verke utruleg.

– Dette har nok med lokale variasjonar og nedbørsmengde, og alt slikt som skjedde for 30 år sidan.

Svært høge verdiar i 2014

I fjor var det lite radioaktivitet å måle hos sauene, men i 2014 målte Mattilsynet dei høgaste verdiane på kring 10 år.

– Så det er tydeleg at dette varierer veldig, og spesielt i høve til kor godt soppår det er. Så det ligg framleis ein del radioaktivitet i jordsmonnet enkelte stader, seier Myklatun.

For under gode soppår et sauene mykje sopp. Der er det mykje radioaktivitet. Men sjølv om ein den dag i dag finn stråling, så er det ikkje snakk om dramatisk høge verdiar, slår Myklatun fast.

– Men grensa på levande sau er 600 becquerel, så då er det i overkant av det. Kanskje opp i 1000.

Myklatun reknar med dei må følgje med på sauebuskapane i fleire år framover.

–Eg skal ikkje vere heilt sikker på det, men det kjem nok til å bli målingar ein god del år framover, kanskje 10 til 20 år. Dei kan framleis ha igjen halvparten av den mengda som datt ned.