Hopp til innhold

Kan bli styremedlem

I eit telefonmøte i førre veke bestemte fylkesutvalet seg for å fremja fylkesordførar Jenny Følling (Sp) som kandidat til det ledige vervet som styremedlem i Euromontana, skriv Sogn Avis. Euromontana er ein europeisk organisasjon som jobbar for å promotere levande fjellområde med integrert og berekraftig utvikling og livskvalitet for dei som bur der. Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem i Euromontana.