Hopp til innhold

Kan bli partileiar til hausten

Liv Signe Navarsete kan bli valt til ny partileiar for Senterpartiet allereie til hausten.

Liv Signe Navarsete
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

- Å få Liv Signe Navarsete valt som leiar for Senterpartiet på eit ekstraordinært landsmøte vil vere den enklaste og kanskje mest kraftfulle løysinga for Senterpartiet, seier Kyrre Nakkim, politisk kommentator i NRK.

- For Senterpartiets del trur eg dei bør velje Navarsete som partileiar fort for å få fortgang i å gjenreise partiet, seier han.

Per Arne Bjerke, som også er politisk kommentator i NRK, trur ho blir valt dersom ho vil. Han viser til at ho har har brei oppslutning blant fylkesleiarar i heile landet.

Formidabel innsats

- Det virkar som ho står veldig solid. Ho har gjort ein formidabel innsats som samferdsleminister. Ho er blant dei statsrådane som har fått det til og har markert seg, og det er brei tilfredsheit med jobben ho har gjort i Senterpartiet, seier han.

Liv Signe Navarsete seier til NRK Sogn og Fjordane i dag at ho er mindre freista til å ta over som leiar for Senterpartiet etter bråket rundt Åslaug Haga.

Les også: Skremd over Haga-saka

- Det er forståeleg at ho får baktankar. Det er tøft å sitje på toppen, og det er ekstra tøft å vere partileiar i ei regjering. Det er om å gjere at ho går gjennom med seg sjølv om noko kan skape problem for ho, seier Bjerke.

Ekstraordinært landsmøte

Bjerke meiner det finst fleire løysingar på leiarspørsmålet i Senterpartiet.

Lars Peder Brekk kan bli konstituert leiar fram til landsmøtet i mars. Alternativet er eit ekstraordinært landsmøte tidleg i haust. Bjerke trur Navarsete kan bli valt allereie då.

- For partiet må det vere bra å ha ein partileiar frå distriktet, der dei hentar mestparten av stemmene sine, seier han.

- Det er om å gjere for Senterpartiet å finne den kandidaten som kan skape ro og få partiet framover igjen. Det er viktig at partiet kjem på offensiven igjen og kan leggje denne traumatiske opplevinga med Haga bak seg.