Atle Hauge Per Svein Reed og advokat Steinulf Tungesvik i Oslo tingrett i dag. MMS-foto: Eldgrim Fossheim
Norsk Aller meiner dei har avtale om aksjane. Men Eurofoto meiner avtalen er ugyldig, og vil ikkje ha noko med det store selskapet å gjere, seier styreleiar i Eurofoto, Atle Hauge.
20 millionar i omsetning
Det er i utgangspunktet Davids kamp mot Goliat som startar i Oslo Tingrett i dag. Eurofoto på Reed vart starta i 2000 av Per Svein Reed som hovudgründer, saman med Atle Hauge og Øystein Reed Bratten. Iden om kopiering, lagring av digitale bilete og sal av gåveartiklar - alt via nett - vaks seg fort stor og feit og hadde siste året over 20 millionar i omsetning.
Skriftleg avtale
I 2003 gjekk Eurofoto i samarbeid med storkonsernet Norsk Aller, som mellom anna eig vekeblada Allers, Kvinner og Klær, Se & Hør og 20-30 andre blad og magasin. Eurofoto tok over selskapet Mine Bilder frå Aller, med maskiner og kundar. Og Eurofoto inngikk ein skiftleg avtale om at Norsk Aller skulle få 34 prosent av aksjane i Eurofoto som ein del av pakken. Dette var hovudavtalen.
Ueinige om avtalen
Men Eurofoto hevdar at før Aller kunne få sine aksjar, skulle også tre underavtalar vere på plass. Det skjedde ikkje, og dermed har ikkje Aller ein gyldig avtale om å få aksjar, slik Eurofoto ser det. Aller hevdar det motsette og går altså å til retten for å få bevist det. Eurofoto har etter kvart lærde Aller litt betre å kjenne, og vil difor kvitte seg med giganten, seier styreleiar Atle Hauge.
- Ei betre sak
Eurofoto ser at Aller må få tilbake verdiar dei la inn i Eurofoto gjennom selskapet Mine Bilder, men står urokkelege på at Aller ikkje skal få aksjar i Eurofoto, og dermed har det vore uråd å få til ei minneleg løysing med giganten, seier Hauge.
- Dei er standhaftige fordi dei er store og har større moglegheit til å bruke kreftene sine i ei sånn sak enn det Eurofoto har. Men vi meiner vi har ei betre juridisk sak enn Aller har, seier Hauge.
Men er situasjonen for Eurofoto no at dei vil bli kvitt Aller som dei litt seint oppdaga at det ikkje likar, berre for å gå til ein annan friar, nemleg Schibstedt-konsernet som mellom mykje anna eig VG, Aftenposten, nettportalen SOL?
- Svaret på det er nei. Allereie i vår visste Schibstedt at vi hadde ei potensiell konflikt med Aller og at vi ville få ei avklaring i år, seier Hauge.
Satsing på kontinentet
Rettssaka som startar i dag, handlar for Eurofoto om å hindre at Norsk Aller får klørne sine i Eurofoto, men Hauge ser likevel at treng ein stor og sterk venn dersom dei skal satse på meir enn heimemarknaden.
- Skal vi satse på kontinentet må vi samarbeide med ein stor aktør, seier han.
Optimist
Med tanke på rettssaka som startar i dag og kjem til å gå heile veka, er Hauge optimist på vegne av Eurofoto.