NRK Meny
Normal

Kallar helseministeren inn til møte om politiet sitt alkoholforbod på festivalcampar

Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) har kalla helseministeren inn til eit møte i etterkant av at politidirektoratet la ned forbod mot alkohol på festivalcampar.

Per-Willy Amundsen

KALLAR INN HELSEMINISTEREN: Per-Willy Amundsen har kalla helseministeren inn til eit møte for å få ei løysing på saka om alkohol på festivalcampar.

– Eg ønskjer ikkje å hindre at folk hyggjer seg med alkohol, seier Per Willy Amundsen i eit skriftleg svar til Stortinget.

Festivalar over heile landet var svært irriterte då det vart kjent at politidirektoratet vil ha eit forbod mot å ha med sin eigen alkohol på festivalcampar. På mange festivalar er det i dag vanleg at ein har eigne campingområde utanfor konsertområda, der ein kan drikke.

– Dette er eit vanvitig forslag, som er statsbyråkrati frå Oslo på sitt verste, sa ordførar i festivalkommunen Eid, Alfred Bjørlo (V), då forslaget til Politidirektoratet kom ut.

Venstre åpner valgkamp 2017

VIL HA SVAR: Trine Skei Grande vil ha eit svart på kva som skjer med festivalalkohol.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Det var i eit notat frå Politirektoratet det kom fram at dei meiner det skal vere totalforbod mot å ha med eigen alkohol på festivalar. Forbodet gjeld også på russetreff som det sotre landstreffet i Kongeparken i Stavanger.

No har Venstre sin leiar Trine Skei Grande skrive eit svar til justisministeren der ho spør kva han tenkjer om saka.

Festivalcamp på Malakoff Rockfestival

ALKOHOL: I dag er det vanleg å drikke alkohol på campingområdet til mange musikkfestivalar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Forbodet stammar frå helsedepartementet

I svaret til Amundsen kjem det fram at bakgrunnen for Politiet si tolking er at helsedirektoratet har slått fast at alle tilstellingar som er opne for folk, må ha alkoholløyving om folk skal drikke der.

Bent Høie

SKAL PÅ MØTE: Helseministeren skal på møte med justisministeren.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

I svaret til Grande forklarer justisministeren at han har kalla inn helseminister Bent Høie til eit møte for å finne ut av saka.

– På den måten håpar eg vi i fellesskap kan sikre at ulike festivalar og arrangement blir avhaldt utan unødvendige inngrep.

Trine Skei Grande tolkar svaret til justiministeren slik at han no vil oppheva forbodet.

– Dette tolkar eg som ei heilomvending, og det er veldig gledeleg. Dette var eit forbod som var snekra saman på eit kontor i politidirektoratet, og som ikkje tolte møtet med verkelegheita, seier venstreleiaren.

NRK har tatt kontakt med helseministeren, men han har endå ikkje svart.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.