Hopp til innhold

Uroa for at alkoholforbod kan bety at festen er over for festivalar

Fleire fryktar at eit forbod mot eigen alkohol på festivalcampar vil bety kroken på døra for festivalar. Ordførar kallar forbodet for byråkrati på sitt verste.

"Med øl og vin blir formen fin" på Malakoff 2012

SLUTT PÅ EIGEN ØL OG VIN: Det blir no slutt på at du kan ta med eigen alkohol på festivalcampar og russearrangement.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– Dette er eit vanvitig forslag, som er statsbyråkrati frå Oslo på sitt verste. Det er eit forslag som tyder på at helsedirektoratet og politidirektoratet ikkje kjenner sitt land, seier Eid-ordførar, Alfred Bjørlo (V)

Kvar sommar yra det av folkeliv når 20.000 publikummarar tek turen til Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Mange av desse bur på den populære festivalcampen, der det fram til no har vore lov for gjestane å drikke alkohol.

Eid-ordføraren er uroa for konsekvensane eit alkoholforbod vil få for ein av dei største rockefestivalane i landet. Det var Aftenposten som først omtalte saka om totalforbodet mot alkohol på festivalcampane.

– Det viser at ein i det heile ikkje har brydd seg med å sette seg inn i dei dramatiske konsekvensar dette vil få for både små og store festivalar. Det er heilt umogleg at dette forslaget skal føre verda framover, når det vil føre til færre festivalar og eit gråare Noreg, seier han.

Bjørlo får støtte frå organisasjonen Norske Konsertarrangører og dagleg leiar.

– Endra praksis vil skape utfordringar for både arrangør, politi og ikkje minst publikum. Enten må festivalar med camping legge ned, eller så blir det ope for private aktørar. Då vil verken politi eller festivalen ha noko kontroll over det som skjer, seier Torbjørn Heitmann Valum.

Ordførar Alfred Bjørlo (V)

FRYKTAR FOR FRAMTIDA TIL MALAKOFF: Eid-ordføraren trur forbodet vil få dramatiske konsekvensar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Politisjef trur ikkje det betyr kroken på døra

Saka har kome opp i samband med at politiet set ned foten for russearrangement der folk har med seg alkohol sjølve.

Sjef for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen, meiner eit slikt påbod ikkje betyr kroken på døra for festivalane.

– Det betyr at ein må følgje regelverket som gjeld. Sanninga er at vi skulle gjort dette under russefeiringa i fjor, men mange politidistrikt har ikkje handheva dette stramt.

– Dette kjem som eit resultat av at helsedirektoratet har sendt eit brev til politidirektoratet, som no ber om at politiet føl dette. Det er eit fornuftig fokus, då vi ser at det skjer mykje overgrep- og valdssaker i samband med rus, seier Johannesen.

Arne Johannessen, ny einingsleiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

FORNUFTIG FOKUS: Eit forbod er fornuftig, meiner sjef for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tek ikkje sorgene på forskot

Med det nye forbodet må festivalane søkje om skjenkeløyve for campingområdet. Festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal, seier dei no vil finne løysingar for at campingområdet kan halde fram.

– Først må vi finne ut av konsekvensane av dette og finne gode løysingar til sommaren, seier Naustdal.

Eid-ordføraren skjønar ikkje kvifor forbodet vert innført.

– Hadde festivalane i Noreg flauma over av festivalproblem, overgrep og fyll, så kunne eg skjønt dette forbodet. Dette blir som å skyte sporv med kanon, seier Bjørlo.