Det er Einar Reed i Vel Blåst Klubb Norge som har spurt om å få leige lokalet. Dei leitar etter eit konsept som gjer det mogeleg for røykarar å halde seg innandørs på utestader i framtida.
Ei kjapp ringerunde til ein del utestader i går tyder på at dei tek innføringa av røykelova med eit tappert smil.
Lov å sende søknad
Dei færraste ser ut til å tenkje på kreative idéar for å kome unna den nye lova. Arvid Solberg i Arbeidstilsynet vil verken seie ja eller nei til røykeklubbtanken i Stryn - men seier det er i alle fall lov å sende ein søknad. Så langt har Arbeidstilsynet fått ein søknad om dispensasjon frå røykelova, og Solberg reknar med at det vil kome fleire.