Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 31. desember

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får eit NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Ei mor frå fylket har nådd ut til tusenvis med Facebook-innlegget der ho åtvarar mot å bruke Ibux for vasskoppar. Kvar i fylket kjem kvinna frå?
  2. To sunnfjordingar var med for Norge under EM i terrengløp tidlegare i desember. Marius Vedvik var den eine, men kven var den andre? Vi vil ha etternamnet.
  3. Påska i år fekk ein dramatisk slutt då det byrja brenne i Fjærlandstunnelen mellom Jølster og Fjærland. Veit du kven som opna tunnelen 31 år tidlegare? Vi vil ha etternamnet.
  4. Kva fylke skal Hornindal høyre til frå 2020?
  5. Florø fotball sin toppskårar er klar for Bodø/Glimt. Kva heiter seljeværingen til førenamn?
  6. Frå 2020 slår Sogndal, Balestrand og Leikanger seg saman. Kven er tilsett som rådmann i den nye storkommunen? Vi vil ha førenamnet.
  7. Ifølgje skattelistene for 2016, kven var den største skattytaren i Sogn og Fjordane med over sju millionar kroner i skatt? Vi vil ha førenamnet.
  8. Etter over 20 år vart eit gamalt landemerke på Værlandet sprengt i bakken i haust. Masta har vore del av eit navigasjonssystem som kan vere ein reserve for GPS. Kva heiter navigasjonssystemet?
  9. Då skulevegen rasa ut i november, kom elevane seg ikkje fram til skulen sin. Kva heiter skulen?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!