Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.
Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.
Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.
Her er dagens quiz:
- Sunnfjord-damene Beate Støfring og Mona Brede Aase tok i haust sølv og bronse under VM i denne styrkesporten. Sporten kjem opphavleg frå Russland. Kva heiter den?
- Kva heiter redaktøren i avisa som like før jul feira at det var 100 år sidan avisa først kom ut? Vi vil ha førenamnet.
- Han var programleiar då Oselie Henden frå Eid vann MPGjr no i haust. Sjølv vann han konkurransen tilbake i 2002. Kva heiter han? Vi vil ha etternamnet.
- Ein rappar frå Sogn har gjort stor suksess under artistnamnet Kjartan Lauritzen. Men kva heiter han eigentleg? Vi vil ha det siste av etternamna hans.
- Kva heiter forfattaren som skreiv eit humoristisk dikt om det einaste fengselet i fylket, Vik fengsel? Vi vil ha førenamnet.
- I midten av desember tok Anders Fannemel frå Hornindal den første norske, individuelle sigeren i verdscupen på nesten eitt år. Kvar skjedde det?
- Kva departement var det som bestemte at den nye storkommunen med Førde, Jølster, Gaular og Naustdal skal heite Sunnfjord?
- Han var stum av beundring då han fekk opne det nye idrettsanlegget på Hardbakke i Solund i sommar. Kva heiter han? Vi vil ha det siste etternamnet hans.
- Ein nyvald stortingsrepresentant frå SV måtte i haust møte i Sogn og Fjordane tingrett, etter at han i fjor lenka seg fast til Nordic Mining sine maskiner på Engebøfjellet. Kva heiter han til førenamn?
- I kva kommune vil fylket no be om å få bytte ut ferje med bru for såkalla ferjeavløysingsmidlar?
- Folkemusikaren Sigrid Moldestad gav i haust ut albumet Vere her. Den første singelen på albumet kom allereie i mai, kva heiter den?
- Kva lag var det som vann kvaliken og sende Sogndal ned i førstedivisjon i fotball?
- Ein mann i slutten av 20-åra frå Nordfjord stod på 5.-plass på Sogn og Fjordane Arbeidarparti si valliste i haust. Kva heiter han? Vi vil ha førenamnet.
Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.
Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no
Lykke til!
- Her finn du alle svara: