Hopp til innhold

Juleølet utseld på eit døgn

Lokalt bryggeri gjer stor suksess. Juleølet deira blir rivne vekk frå polhyllene.

Kinn Bryggeri

POPULÆRT: Dagleg leiar Espen Lothe ved Kinn Bryggeri er glad for at folk vil ha ølet hans.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vesle Kinn Bryggeri i Florø opplever at ølet deira er svært populært, skriv avisa Firda. Den første leveransen på 1000 flasker blei utseld frå grossisten på 24 timar.

Dagleg leiar Espen Lothe seier dei har halde på med juleførebuinga sidan seinsommaren.

– Vi tykkjer det er kjekt med så stor interesse rundt juleølet vårt, seier han til NRK.no.

Har 2000 flasker til

For ølet hans har forsvunne kjappare frå hyllene enn han har rekna med.

– Men vi har eit brygg til av det same ølet, så 2000 heilflasker skal ut i systemet snart.

Han har visst ei stund at dei nok ikkje ville klare å dekkje etterspurnaden før jul. Og det skuldast ikkje dårleg planlegging.

– Vi er eit lite bryggeri og vi var så heldige at vi frå 1. november fekk inn to produkt på basistutvalet ved Vinmonopolet. Der er vi forplikta til å levere og difor må vi prioritet det, seier han.

Stor interesse for øl

Frå ein forsiktig start i 2009, produserte dei 32 000 liter i fjor. I år er målet opp mot 140 000 liter. Han trur interessa for lokalt brygga øl er stor fordi folk er meir bevisste kva dei puttar i seg.

– Interessa for øl aukar stadig. Det er det same som skjedde for vinen på 90-talet. Folk får opp auga for det mangfaldet som finst.

Kinn bryggeri går så det susar

VIDEO: Sjå TV-saka frå januar- Nordmenn vil ha kortreist øl laga på tradisjonelt vis.