Hopp til innhold

Jublar ikkje for årets besøkstal

Framsyningane til Sogn og Fjordane teater trekte i år færre besøkjande enn det teateret sjølv hadde håpa på. Besøkstalet er halvert i høve til fjoråret, men det er likevel ingen dramatikk, seier salssjefen.

Sirkus Saragossa, med Helge Jordal og Yvonne Algrøy

GODT BESØK: Sirkus Saragossa blir trekt fram som eit av stykka som trekte bra med folk i løpet av 2012. Totalt sett vart besøkstalet i år langt lågare enn det leiinga ved Sogn og Fjordane Teater hadde håpa på.

Foto: Olav Reiakvam

12.700 besøkjande er fasiten etter at Sogn og Fjordane Teater (SoFt) har talt opp kor mange som har sett stykka dei har sett opp i løpet av 2012.

Sals- og informasjonssjef Laila Øvreseth vedgår at dette var ein del færre enn dei hadde håpa på.

– Det er sjølvsagt litt lågare enn det vi hadde håpa på som var opp under 15.000, seier ho til NRK.no.

– Ikkje dramatisk

Laila Øvreseth

HÅPAR 2013 BLIR BETRE: Det seier sals- og informasjonssjef Laila Øvreseth.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Øvreseth seier ei av hovudforklaringane på at det ikkje heilt gjekk som venta er at langt færre enn venta besøkte framsyningane av stykket Matias Orheim. Stykket var populært då det vart sett opp i 2010, men i 2012 vart ikkje salane fylte slike teaterleiinga hadde trudd.

Sals- og informasjonssjefen trekkjer fram fleire framsyningar som på den andre sida har gått svært godt i år. Ho nemner mellom anna Sirkus Saragossa, Du ana’kje og Fritfjof Fomlesen som stykke med gode besøkstal.

I 2011 var det vel 25.000 som vitja ei av dei mange framsyningane til teateret. At besøkstalet nesten har halvert seg sidan då er ikkje dramatisk, meiner Øvreseth.

– Nei, vi må sjå på aktivitetsnivået vårt også.

– Om vi går tilbake til 2010 hadde vi 10100 besøkjande, året etter 25.000 og i år altså 12.700 besøkjande. I snitt blir det 16.000 dei siste tre åra, og med eit folketal på 108.000 i Sogn og Fjordane, så ligg det best i landet faktisk, seier ho.

Satsar på at 2013 blir betre

Besøkstalet på 12.700 inkluderer også dei lukka framsyningane for skular og barnehagar.

– Då vi i fjor hadde 25.000 besøkjande var halvparten lukka skuleframsyningar, i år er det berre ein fjerdedel som er lukka skuleframsyningar, seier Øvreseth til NRK.no.

No satsar ho og dei andre ved Sogn og Fjordane teater på at neste år skal bli betre.

– Vi håpar at vi i 2013 skal klare å kome over det talet vi har i år, det trur eg så absolutt.

– Vi har stor tru på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane, dette er ein nyskriven musikals komedie som vi har stor tru på i forhold til interesse, seier salssjefen.