Hopp til innhold

Jubla for nok ein heimesiger – men bortestatistikken er ei gåte

Florø er eitt av dei beste heimelaga i divisjonen, men blant dei dårlegaste på bortebane. Kvifor det er slik vil trenar Terje Rognsø til botns i.

Florø jublar for siger

JUBELDANS: Florø slo Strindheim 2–1 etter å ha hamna under 0–1 på straffe. Endre Kupen og Erlend Hove scora for heimelaget.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Sigeren mot Strindheim i vindkasta på Florø stadion i kveld stadfesta inntrykket trenaren har hatt. På heimebane er det nesten ingen som kan tukte dei, likevel hamnar dei berre så vidt over midten av tabellen.

Terje Rognsø og Knut Erik Folland

SÅNN PASSE NØGD: Trenar Terje Rognsø hadde forventa å hamne høgare på tabellen enn det dei enda til slutt. Den dårlege bortestatistikken må ta det meste av skulda for det.

– Vi er ikkje spesielt nøgde med sesongen. Vi er eitt av dei beste heimelaga med god margin, det vil seie at vi er eitt av dei dårlegaste bortelaga. Det vil vere fokus i evalueringa, å finne ut kva som gjer at vi varierer så mykje, seier Rognsø.

Han trur òg at uvanleg mykje skadar må ta sin del av skulda for at dei ikkje greidde å prestere som forventa i år.

Det har vore mykje spekulasjonar rundt framtida til trenaren. Han har ein finger med i det meste som skjer i Florø-fotballen, men har sagt at klubben må satse dersom han skal vere med vidare. Det står han framleis ved.

– Ingenting er avklart enno, men vi må berre stå på for å få ting på plass. Det handlar mest om å få ein økonomi som gjer at vi kan utvikle oss vidare, seier han.

Endre Kupen

MÅLGARANTIST: Nysigneringa Endre Kupen har teke kystbyen med storm. Han scora igjen i dag, og vart med det toppscorar for Florø med sju mål på berre åtte kampar.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Divisjonskollega Førde berga same kveld plassen med knapp margin, etter å ha slått den suverene serievinnaren Kongsvinger. Rognsø tek av seg hatten for snuoperasjonen til rivalen, som greidde å kjempe seg ut av nedrykkssumpen etter ein fantastisk sluttspurt. Men han er ikkje sikker på at det var til det beste for fotballen i regionen.

– Det er kjekt å ha den enorme interessa rundt lokalderbya, det skapar enorm interesse og entusiasme. Men kanskje er det ein utfordring i Sunnfjord at vi kjempar mot kvarandre. Å ha to klubbar som konkurrerer så tett er ikkje nødvendigvis bra for utviklinga og hindrar kanskje ein av klubbane å ta eit steg vidare, seier Rognsø.