Hopp til innhold

Jubel for Kjøsnesfjorden

- Dette er heilt ubeskriveleg, sa Ola Søgnesand etter at det vart klart at det blir pengar til rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden mellom Skei og Lunde i Jølster.

Ola Søgnesand (t.v.) spanderte kake på mellom andre statssekretær Steinulf Tungesvik
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet kom køyrande i bil til Kjøsnesfjorden for sjølv å fortelje om pengane. 

Statssekretær Steinulf Tungesvik.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Heilt utruleg

- Det at statssekretæren kom sjølv for å fortelje den glade bodskapen er berre heilt utruleg, og eg kan ikkje få takka han og statsråden nok for at dei har funne pengar slik at vi kjem i gang i 2007, minst to eller kanskje tre år tidlegare enn det elles ville vore mogeleg å få til rassikring, seier Ola Søgnesand i aksjonskomiteen for rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden. 

Kjøsnesfjorden - skilt
Foto: Torje Bjellaas / NRK

I gang hausten 2007

Det blir sett i gang arbeid med eit større prosjekt som gir ein vesentleg rassikringsgevinst.  Det skal byggjast tunnel mellom  Hammarsgrova og Stølsneset. Arbeidet kjem i gang hausten 2007.

- Dette er ein av dei største dagane i mitt liv. Eg har vore så spent på korleis dette skulle gå at eg nesten ikkje kunne få sagt det, seier Ola Søgnesand.

- Kva betyr dette for rassikringa av riksveg 5?

- Fullstendig rassikring

- Det betyr at vi no har lukkast i å planlegge ei fullstendig rassikring av den strekninga som står igjen, ved at vi får ein tunnel på 2,6 kilometer og vi får bygd nokre rasvollar lenger oppe mot Runnebotnen. Og dette kjem vi i gang med i 2007, det er to, kanskje tre år tidlegare enn vi elles kunne ha rekna med rassikring.

- Kvifor er det så viktig med rassikring her?

- Fleire ulukker utan sikring

- Fordi det er veldig rasfarleg. Vi veit at det har skjedd to alvorlege ulukker, vi har hatt mange nestenulukker, og vi hugsar tilbake til rassøndagen for eit par år sidan då det var innesperra mange bilar og folk her inne, og at det gjekk vel skjønnar eg ikkje den dag i dag. Vegen er veldig mykje brukt, og når bomstasjonen i Fjærland forsvinn om nokre år blir det endå meir trafikk. Det er klart at det ville skje fleire ulukker viss vi ikkje fekk sikra vegen. 

Trafikantane vart inviterte til kakefest i Kjøsnesfjorden
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Dette er som vi hadde håpa på. Det inneber at vi kan kome i gang med prosjektering, vi får fullført den, vi får anbodsgrunnlag og vi kan få anbod ut og vi kjem fysisk i gang i marka i 2007, og det er vi nøgde med, seier regionvegsjef Ole Christian Torpp.