- Svik mot Sogn og Fjordane - At Sogn og Fjordane får mindre enn tidlegare til å skape arbeidsplassar er eit stort vonbrot, seier stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen frå Venstre. Av Asgeir Heimdal Reksnes og Kjell Arvid Stølen
- Mot all sunn fornuft Sogn og Fjordane får ein million kroner mindre å rutte med etter at Regjeringa har fordelt distriktspotten på statsbudsjettet. Av Olga Wergeland og Kjell Arvid Stølen
- For lite til høgskular Høgre i Sogn og Fjordane er skuffa over at Regjeringa i framlegget til statsbudsjett kuttar i løyvingane til høgskular og universitet. Av Øyvind Torvund og Kjell Arvid Stølen
- For lite til rassikring Den nasjonale rassikringsgruppa er svært skuffa over at Regjeringa berre løyver halvparten av det som gruppa har bede om til rassikring. Av Øyvind Torvund
Meir til Førde-festivalen Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får 600.000 kroner ekstra på neste års statsbudsjett. Av Mari Stephansen og Kjell Arvid Stølen
- Byane får mest Kommunane i Sogn og Fjordane får mindre vekst i inntektene sine enn landsgjennomsnittet. Av Kjell Arvid Stølen
Høgskulen må spare Høgskulen i Sogn og Fjordane må spare 2,5 millionar kroner neste år. - Det er ikkje dramatisk, men framlegget vil styrke universiteta i byane og svekke høgare utdanning i distrikta, seier rektor Johs. Thaule. Av Hege Holm og Kjell Arvid Stølen
Øko-skulen er sikra Framlegget til Statsbudsjett sikrar drift av Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland neste år. Av Hege Holm og Kjell Arvid Stølen
90 mill til E16 i Lærdal I framlegget til statsbudsjett er det sett av 90 millionar kroner til ny vegparsell på E 16 mellom Borlaug og Voldum i Lærdal. Om to år er vegen klar til bruk. Av Kjell Arvid Stølen