NRK Meny
Normal

Jotun med overkommeleg motstand

Jotun sine handballkvinner er ikkje mange kampane frå å rykkje opp til 1. divisjon. No er det klart at Volda og Tromsø-laget Bravo vert siste hinder i opprykkskampen.

Olafur Sveinsson i timeout med Jotun

ERFAREN: Trenar Olafor Sveinson har trent både Volda og Bravo som begge er puljemotstandarane til Jotun i kampen om opprykk til 1. divisjon.

Foto: Siren B. Svortevik

Etter ein lang og vellukka sesong er det ein gjeng med opprykksklare Årdalsjenter som til opprykkskampar i Tromsø den 12. april. I dag vart det klart at Jotun møter heimelaget Bravo og Volda i kampen om opprykk. Det er årdølane særs glad for.

– Det bør absolutt vere muleg å rykkje opp. Me er veldig nøgd med trekninga, seier sportsleg leiar i Jotun, Torstein Kvam.

Jotun handball

Sportsleg leiar, Torstein Kvam (bak med armane i kross) er særs nøgd med puljetrekninga. I forkant står trenar Olafor Sveinsson.

Foto: Siren Svortevik

Speler mot heimelaget

Han hadde på førehand peika ut Bravo som eit av dei enklare laga å møte. Også Volda skal vere muleg å slå ifølgje Kvam.

– Me møtte Volda før sesongen starta, og då vann og tapte me ein kamp kvar. Så me er ganske jamne med dei.

LES OGSÅ: Jotun må til Troms i kvaliken

LES OGSÅ: No står dei unge Jotun-jentene fram

Bravo er på heimebane under puljespelet, men det trur ikkje Kvam vil vere ein altfor stor fordel.

– Det er klart at Bravo får støtte frå publikum og greier på heimebane. Det skal jentene våre takle fint, så det skal ikkje vere det største problemet, meiner den sportslege leiaren.

Har trent motstandarane

Trenaren til Jotun, Olafur Sveinsson, har tidlegare vore trenar for begge motstandarlaga, og ifølgje Kvam meiner han motstanden er muleg å overkomme. Årdølane ser fram til å ta turen til Tromsø den 12. april, og kjempe om å bli eit av dei tre laga som på søndag 14. april kan feire opprykk.

– Det er ikkje noko must å rykkje opp, men det er klart at me takkar og bukkar om me klarer opprykket. Me har i alle fall tildelt motstandarar som me skal kunne måle krefter mot, avsluttar ein nøgd Kvam på telefon Ullevål stadion, der han var med Handballforbundet si trekning.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.