Hopp til innhold

Jorunn Ringstad er død

Senterpartipolitikar gjennom fleire tiår, Jorunn Ringstad frå Askvoll, døydde onsdag. Ho vart 75 år gamal.

Jorunn Ringstad

LANG FARTSTID: Jorunn Ringstad sette spor etter seg både i rikspolitikken og lokalpolitikken.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Jorunn var det eg vil kalle heil ved. Ho var ein solid politikar med stor integritet, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp).

Følling meiner at Ringstad jobba hardt og målretta, og såg løysingar der andre såg problem.

– Og difor vart ho i alle år respektert på tvers av partigrensene, seier Følling.

Ringstad kom inn Stortinget for Senterpartiet i Sogn og Fjordane i 1993, og vart sitjande fram til 2005. Før ho kom inn på Stortinget hadde ho vore ordførar i heimkommunen Askvoll i seks år.

På Stortinget var ho mellom anna visepresident i Odelstinget frå 1997 til 2001. Ho sat først i justiskomiteen, og hadde seinare to periodar i samferdslekomiteen. Ho hadde også ein periode i utanrikskomiteen på Stortinget.

– Ho fekk tillit i alle verv ho hadde, og ho fekk gjennomslag for politikken ho kjempa for, meiner fylkesordføraren.

Dalsfjordbrua

KJEMPA IHERDIG: Jenny Følling seier at Jorunn Ringstad kjempa iherdig for Dalsfjordbrua.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kjempa for Dalsfjordbrua

Jenny Følling vil særleg trekkje fram Dalsfjordbrua mellom Fjaler og Askvoll som den store sigeren i det politiske livet til Jorunn Ringstad

– Det var ei stor hjartesak for Jorunn, og ho var avgjerande for at det kom ei løysing og brua vart ein realitet.

Jorunn Ringstad tok over etter Clara Øberg, og vart styreleiar i Helse Førde i 2012. Det var ho fram til ho gjekk av før styreperioden var over, i 2016.