Jordmødrene får nok trening

Jordmorforeininga slår tilbake mot skuldingane om at kvaliteten på fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus er for dårleg.

Fødeavdeling.

Jordmødrene på Nordfjord sjukehus tek i mot like mange barn som kollegaene sine i Førde.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

I Eid har det gått opp mot fem dagar mellom kvar fødsel.

Leiar i gynekologforeininga, Bjørn Backe, sa i går at han er uroa over kvaliteten når det går så lang tid mellom kvar fødsel.

- Eg meiner det er for lang tid mellom kvar fødsel. Det er klart at det er mange menneske som då må gå å vente på at noko skal skje, seier Backe.

Men leiar for Den Norske Jordmorforeninga er ikkje samd i denne skildringa.

- Ein kan ikkje berre sjå på avstaden mellom fødslane, ein må sjå på kor mange fødslar det er i løpet av eitt år og kor mange fødslar kvar enkelt jordmor endar opp med, seier Marit Heiberg i jordmorforeininga.

Tek imot like mange barn

Tal viser at jordmødrene på Nordfjoreid tek i mot like mange born i året som kollegaene sine i Førde.

I 2008 hadde kvar jordmor i gjennomsnitt 32 fødslar kvar enten ho jobba i Eid eller i Førde. I fjor var talet 32 i Førde og 29 i Eid.

- Det tenkjer eg at ikkje er så lite, seier Heiberg.

Ho understrekar at det er viktig at jordmødrer får eit visst tal fødslar. Ho vil ikkje gje eit nøyaktig tal på kor mange fødslar ei jordmor bør ha, men seier at rundt 30 høyres greitt ut.

Meir enn talet på fødslar som tel

Noko av årsaka til at ei jordmor på ei lita fødeavdeling kan ha like mange fødslar per år som ei jordmor på ei større avdeling er at det der vil vere fleire hender å fordele fødslane på.

Backe sa onsdag at miljøa som skal drive ein fødeinstitusjon må vere store nok slik at ein får stabil drift.

Styret i Helse Førde har føreslått å leggje ned fødetilboda både på Nordfjordeid og i Lærdal dersom ikkje helseføretaket får tilført naudsynte ekstramidlar.

Heiberg meiner ein ikkje må sjå seg blind på talet på fødslar, og at ein må vurdere heilt andre ting når ein skal bestemme seg for å stengje eit fødetilbod.

–Noreg er eit langsstrakt land med mykje geografi og det kan vere mykje dårleg ver i periodar, noko som gjer at ein også må vurdere enkelte plassar der det er få fødslar per år, men kor det likevel er viktig å ha eit fødetilbod, seier Heiberg.