Hopp til innhold

Opp mot 11 dagar mellom fødslar

Kan gå ut over kvaliteten meiner gynekologforeining.

Nyfødt

Det er født 67 barn så langt i år i Lærdal.

- Eg meiner det er for lang tid mellom kvar fødsel. Det er klart at det er mange menneske som då må gå å vente på at noko skal skje, seier leiar i den Norske gynekologforeining, Bjørn Backe.

67 fødslar i Lærdal

Bjørn Backe

Bjørn Backe

Foto: Privat

Så langt i år har det vore berre 67 fødslar ved den forsterka fødestova i Lærdal, og på det meste har det vore heile 11 dagar mellom kvar fødsel.

Ved fødeavdelinga på Nordfjordeid har det til no i år vore 205 fødslar, og på det meste fem dagar mellom kvar fødsel. Backe er uroa over den faglege kvaliuteten når fødetilbodet er så smått.

Viktig med store miljø

Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus

Foto: unknown / NRK

- Miljøa som skal drive ein fødeinstitusjon må vere store nok slik at ein får stabil drift, seier han.

Men jordmor Sissel Ommedal ved Nordfjord sjukehus avviser at fødetilbodet er for dårleg.

- Eg er ikkje samd med han i dette. Vi jordmødrene på Eid har god erfaring med fødslar, seier ho.

Vil legge ned

Nordfjord Sjukehus

Nordfjord sjukehus

Foto: NRK

- Men er det ikkje for få fødslar til å forsvare ei heil fødeavdeling?

- Nei, det synest eg ikkje, seier Ommedal.

Styret i Helse Førde har føreslått å leggje ned fødetilboda både på Nordfjordeid og i Lærdal dersom ikkje helseføretaket får tilført naudsynte ekstramidlar.

- Må reduserast

2000 i tog for Lærdal sjukehus

Helse Førde vil endre på innhaldet på sjukehuset i Lærdal. 2000 gjekk i tog i protest mot planane.

Foto: Joachim Vie

Skal ein følgje Backe sitt resonnement må fødetilbodet i Lærdal leggjast ned og fødeavdelinga på Nordfjordeid reduserast til fødestove.

- Jordmorbaserte fødestover som ikkje har keisarsnitt kan ein godt ha ved lokalsjukehusa, seier Backe.

Folkemøte om Nordfjord sjukehus

Engasjementet for lokalsjukehusa er stort. Her er det folkemøte i Eid om saka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK