Hopp til innhold

Jon Rolf-feber i Hyen

I dag fekk skule vere skule i Hyen. Då sambygdingen Jon Rolf Skamo Hope gjekk inn til sølv, sat elevane ved Hyen skule benka framfor fjernsynet.

19-åringen Jon Rolf Skamo Hope tok i dag sølv på 20-kilometer med skibytte i junior-VM i sveitsiske Goms.

– Eg pleier å sjå på ski, men dette er veldig spesielt når ein hyar er med, seier Magnus Vesterås.

Sølvmedaljen på dagens 20 kilometer med skibyte er den andre medaljen for 19-åringen frå Hyen under junior-VM i sveitsiske Goms. Tysdag tok Skamo Hope si første individuelle gullmedalje og vart også den første frå Sogn og Fjordane som vert juniorverdsmeister individuelt.

– Å oppnå slike ting, og kome frå ein så liten plass. det er veldig sterkt. Eg håpar han kan inspirere mange dei unge her til drive med ski og legge ned like mykje trening. No vengtar vi berre på stafetten, seier lærar Anders Ommedal.

Elevar ved Hyen skule

SKIINTRESSERTE: Ingen tvil om kven som er helten til elevane i Hyen.

Foto: Johan Moen

- Det er utruleg artig å høyre at Hyen skule følger med.,det er spesielt. Eg hugsar sjølkv at vi maste på lærarane om å få sjå ski. Så det er morosamt at dei no sit å ser på meg, ein elev som har gått der før, det er ekstra stort, seier Skamo Hope.

– Korleis blir det å skulle fordøye alle intrykka når du kjem heim?

– Det blir å prøve å halde motivasjonen og gutsen oppe resten av sesongen og så får eg nyte gullet og medaljene når eg kjem heim igjen etter sesongen, seier Skamo Hope.