NRK Meny
Normal

JØLSTER: Senterpartiet slår tilbake etter trugslane

Høgre, Venstre og Ap var klar til å inngå samarbeid for å vippe Senterpartiet av trona i Jølster, men i Jølster er det Senterpartiet som ler sist.

Kommuneval jølster senterpartiet 2015

SEINT, MEN GODT: Senterparti-gjengen var blant dei siste som var att på kommunehuset på Skei i Jølster. I midten strålar Oddmund Klakegg som er sikra fire nye år som ordførar.

Foto: Privat

Vallogo

– Vi har vel gjort eit historisk godt val. Eg trur ikkje det har vore gjort eit så godt val her i kommunen før. No ser det ut som vi får 12 mandat i kommunestyret, seier Oddmund Klakegg i Senterpartiet, som får halde fram som ordførar i kommunen.

I over 20 år har Senterpartiet regjert i Jølster, dei siste fire åra med Klakegg bak spakane, men ved årets val bestemte Arbeidarpartiet seg for å bryte ut av samarbeidet med Senterpartiet. I staden gjekk dei saman med Høgre og Venstre med mål om å felle den tidlegare samarbeidspartnaren.

Men med 46,1 prosent av stemmene gjorde Senterpartiet eit brakval, og med eit samarbeid med SV kan ingen ta makta frå dei.

Mållaus ordførar

– Det har ikkje gått heilt opp for meg. Det var mykje betre enn eg hadde drøymt om. Eg er litt mållaus akkurat no. Dette er eit klart mandat om at vi har ført ein politikk som innbyggjarane set pris på, seier Klakegg i Senterpartiet.

Og han er klar for å føre denne politikken vidare.

– Sjølvsagt er eg klar til å føre den vidare. Vi har eit stort mandat og stort ansvar, og det betyr mykje. No må vi brette opp ermane og prøve å skape ei god og brei plattform i kommunen, seier Klakegg.

I Jølster vart dei seint ferdige med oppteljinga, men forhandlingane var gjort unna på førehand. Avtalen med SV var alt bestemt.

– Vi hadde ein avtale før valet, og vi har stått saman i lang tid og heile denne perioden. Vi har eit godt samarbeid, seier ordføraren.

Hadde plan B klar

Likevel er det ikkje uaktuelt å samarbeide med fleire parti.

– Vi skal prøve å drive kommunen i lag og då er det ikkje eit mål for oss å køyre sololøp, vi ønskjer å ha ei brei plattform.

Utanom SV er Senterpartiet det einaste partiet som synte framgang. Senterpartiet gjekk fram med heile 14,3 prosentpoeng frå førre kommuneval. At han no er attvald som ordførar var absolutt ikkje noko han hadde teke for gitt.

– Plan B har vore gjennomtenkt. Vi vart utfordra skikkeleg denne gongen med ein ny koalisjon og då vart plassen usikker, men no har veljarane har gitt eit tydeleg mandat, seier Klakegg.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser