Hopp til innhold

Jølster-bonden bad KrF-leiinga om ei framtid

STARDALEN (NRK): – Eg håpar det framleis kan vere mogleg å drive eit familiebruk og kunne leve av det på ein nokolunde fornuftig måte også i framtida.

Nils Kjøsnes og Knut Arild Hareide

BØN: Nils Kjøsnes fekk tysdag besøk av heile toppleiinga i KrF. Oppmodinga frå Jølster-bonden var klar: – Syt for at også små og mellomstore bruk har ei framtid, sa han.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Bøna kjem frå Nils Kjøsnes som tysdag fekk besøk av det som truleg blir ein av dei viktigaste personane i norsk landbruk dei neste åra, Knut Arild Hareide.

Leiaren i KrF hadde med seg heile toppleiinga i partiet då han vitja gardsbruket på Jølster.

– Det må framleis vere rom for dei små og mellomstore, som også medverkar positivt både på kulturlandskap, trivsel og busetnad i distrikta, seier Kjøsnes.

Vil ikkje bli større

Familiebruket på Haugen i Stardalen har 24 mjølkekyr. Årleg leverer dei 260.000 liter mjølk. Dei er ikkje interessert i å bli større. Noko utviding av bruket set nye krav og reglar til låneopptak ein effektiv stoggar for.

Kristeleg folkeparti kan avgjere kva regjering vi får etter valet i 2017, men paritet er splitta i synet på kven dei skal samarbeida med. Sogn og Fjordane Krf inviterte i dag partileiinga på gardsbesøk, for å visa at dei er misnøgde med regjeringas landbrukspolitikk.

SJÅ TV-SAK: Hilde Frafjord Johnsen og KrF samarbeider med regjeringspartia Høgre og Frp. Ved valet i 2017 kan partiet avgjere kva regjering vi får. (FOTO/REDIGERING: SONDRE DALAKER/ODDMUND HAUGEN)

Kjøsnes er oppteken av at familiebruket har livets rett – også inn i framtida.

– Eg håpar dei kan vere med å påverke dei blåblå som set med makta. Og som eg opplever er meir opptekne av at ein skal vere størst mogleg for å ha ei forsvarleg drift, seier han.

Tek med seg signala

Partileiar Hareide meiner at alle næringar må gjennom ei effektivisering, men poengterer at landbruket allereie har møtt sterke effektiviseringskrav.

Han tek med seg bøna om at bøndene må få ei inntekt som forsvarar eventuelle utbyggingar i framtida.

– Nils seier at han kunne tenkt seg å investere litt mindre og meir forsiktig. Han vil vite at det er tryggleik og at han ikkje legg belastningar på neste generasjonar slik at dei får sot gjeld. Tankegangen er fornuftig og gjer at neste generasjon står fritt til å ta sine val, seier Hareide.

– Vi har ei utfordring

Knut Arild Hareide saman med Anders Felde

LEIAR: Knut Arild Hareide saman med nestleiar Ole-Ivar Åm Sognnes i bondelaget og fylkesleiar i bondelaget, Anders Felde (t.h.).

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Nestleiar Olaug Bollestad er samd i at vestlandsbonden står føre ei utfordring. Ei endring av mjølkekvoteregionane vil sende produksjonen i større grad over til Austlandet, Jæren og Trøndelag.

Skal ein bonde søkje om støtte til nybygg i dag, ligg det til grunn eit krav om lausdrift. Då får ikkje bonden nytte gamle driftsbygningar.

– Her har vi noko som vi må ta tak i for å sikre levedyktige mellomstore og mindre bruk i heile Norge, seier Bollestad.

Sentrale for bygda

Både Bollestad og Hareide meiner vestlandsbruket skal ha ei framtid.

– Vi er opptekne av kvoteregulering på mjølk, korleis byggje ut distriktslandbruket for å sikre mellom anna turisme. Det handlar om heilskap. Har ein ikkje bønder i distrikta, så har ein ikkje grunnlag for barnehagar heller, seier Bollestad og avsluttar.

– Små- og mellomstore bruk blir sentrale for å framleis ha liv på bygda.