Han seier at Johannes har god kapasitet i friteknikk.
– Men ein skal vere klar over at dette er første rennet hans som seniorutøvar i langrenn. Elles kan han vise til to individuelle gull i frå junior-NM i langrenn, så det er liten tvil om at han kan prestere godt også i langrennssporet, seier Årdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I alt er det fem utøvarar frå Sogn og Fjordane som stiller til start i sesongopninga på Beitostølen komande helg.
Gjøran Tefre frå Førde hadde ein vanskeleg sesong i fjor, men no kjenner han seg i god form, og han sier det blir spennande å kome i gang med konkurransar att.
Dei tre andre frå Sogn og Fjordane på Beitostølen er Martin Hegrenes, Førde, Roger Øye Pollen, Førde, og Trygve Henden Gaasø, Fjellhug/Vereide.
Det er 15 kilometer klassisk på fredag, 15 kilometer friteknikk laurdag og klassisk sprint søndag.