Hopp til innhold

Johannes har sportsbilar på rekke og rad

LÆRDAL (NRK): Den nye hotelldirektøren ved Lærdalsøren Hotell har to store lidenskapar; gamle hotell og spreke bilar.

Johannes Einemo

FIN SAMLING: Johannes Einemo er nøgd med samlinga si av sportsbilar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det byrja då eg var ganske liten. Då hadde eg plakatar på veggen av supersportsbilar og bøker. Eg vart så interessert at det har følgt meg heile livet, seier Einemo.

I garasjen til Johannes Einemo står italienske sportsbilar av merket Lamborghini og Ferrari side om side med amerikanske Chevrolet. Akkurat no står bilane i bakgården til hotellet.

– Eg tenkte at det var fint å få stille ut bilane, i staden for berre å ha dei i garasjen. Her har vi ein Lamborghini Murcièlago seier Einemo og peikar på den knallgule 2002-modell med nesten 600 fyrige hestar.

Johannes Einemo
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Les også: Dei bles liv i 140 år gammalt hotell

Rett bortanfor står ein litt eldre modell, ein raud Lamborghini Diablo.

– Det er den første og eigentleg den råasta av dei. Den var verdas raskaste då den kom i 1991, seier Einemo.

Jiohannes Einemo

ATTRAKSJON: Bilane vekker oppsikt og Johannes får stadig besøk.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Dyr hobby

I samlinga finn vi og ein Ferrari 308 GTBi frå 1981 som Einemo har restaurert. akkurat denne modellen er det berre laga 300 av. Innimellom dei italienske sportsbilane dukkar det også opp ein sprek amerikanar.

– Her har vi Chevrolet Corvette c4 frå 1984, seier Einemo

Johannes Einemo
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Men Einemo vedgår at lidenskapen for bilar er ein dyr lidenskap.

– Det er det, men eg kjøpte bilane i eit tid då bilane låg rimelegare i pris enn dei gjer no. No har jo prisen på klassiske og spesielle sportsbilar skote i været, seier Einemo.

Johannes ser fram til helga 26–27. august. Då blir det Lamborghini-treff på gamle Lærdalsøyri. Det er årets vestlandstur med Lamborghini-klubben i Norge. Då skal dei køyre øvre Hallingdal, Aurland, Lærdal, Årdal og Filefjell. Minst 17 Lamborghiniar vil då bli oppstilt nettopp i Kvammegården bak hotellet til Johannes.