NRK Meny
Normal

Dei blæs nytt liv i 140 år gamalt hotell

GAMLE LÆRDALSØYRI (NRK) Praktbygget slapp unna storbrannen i 2014. No satsar eit ungt par på å få ærverdige «Lærdalsøren Hotell» frå 1880 opp og gå igjen.

Johannes Einemo, Elin Forthun Partenyi

NY DRIFT: Her var det hotelldrift i hundre år fram til 1979. Etter fleire tiår med ulik drift, er Lærdalsøren Hotell no tilbake som eit lite, enkelt trehushotell med kafe og pub. Johannes Einemo og Elin Forthun Partenyi er dei nye vertane.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi kjøpte det litt på impuls. Vi såg litt på bygget og skjønte potensialet. Og sidan vi kunne få tilbake den gamle hotelldrifta, tenkte vi: Lat oss sette i gang, seier Johannes Einemo.

Saman med sambuaren Elin Forthun Partenyi kjøpte han hotellet frå dei tidlegare eigarane, som dreiv pub og kafe her nokre år.

Johannes Einemo

UTSIKT: Med balkongar og utsikt over Øyragata på gamle Lærdalsøyri reknar Johannes Einemo med at «Lærdalsøren Hotell» skal bli ein populær plass.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ulik drift

Det raudmåla bygget med dei okergule listene er kanskje det mest fotograferte bygget i hovudgata gjennom gamle Lærdalsøyri. Det vart bygd som «Lærdalsøren Hotell» i 1880, deretter blei det Kvammes pensjonat.

Johannes Einemo, Lærdalsørens Hotel
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Etter 140 år med ulik drift, mellom anna som soldatheim for tyske soldatar under krigen, og interneringsplass for norske nazistar våren 1945, har bygget no blitt «Lærdalsøren Hotell» igjen.

I sommar er det restauranten som har vore det mest travle for det unge paret.

Men frå hausten av opnar dei romma i andre høgda som vil gjere bygget om til eit lite trehotell i hjartet av den verna busetnaden på Lærdalsøyri.

Johannes Einemo

UNG DIREKTØR: – Vi kjøpte det litt på impuls, seier Johannes Einemo.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Eldste vassklosett

– Til å byrje med har vi pussa opp fem dobbeltrom. Som du ser, er dei gamle golvplankane og tømmerveggane der framleis, seier Johannes, som viste NRK P1 Sogn og Fjordane rundt på hotellet under morgonsendinga onsdag morgon.

– Her har vi slått saman to rom til ein suite og fått plassert ei stor himmelseng med utsikt mot Øyragata, fortel Johannes.

Rom på Lærdalsørens Hotel
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Eit anna rom er blitt til der eit av Sogn og Fjordane sine første vassklosett ein gong var. Det er no omgjort til eit stort, lyst rom. Men spora etter det gamle toalettet er der framleis: På veggen heng ein dorullhaldar frå år 1900 eller der omkring.

– Eg hadde ikkje hjarte til å fjerne det. Den skal få stå, smiler Johannes.

Kongevegen

Hotellet er typisk for gamle Lærdalsøyri, bygd i sveitserstil og med balkongar med store glasruter.

– Eg tykkjer det er merkeleg at ingen har opna augo for bygget tidlegare. Viss du studerer det i detalj, er det eit praktfull bygg i god stand, seier Johannes.

Du er eigentleg bilmekanikar og billakkerar. Kvifor hotelldirektør?

– Det var vel kanskje tittelen då? Nei da, eg såg potensialet og tenkte, vi køyrer på og lagar hotell!, forklarar Einemo.

Lærdalsørens Hotel
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Øyragata som passerer hotellet er den eldste handlegata i Sogn og Fjordane. Dette er også Kongevegen. Rett under balkongane går altså Kongevegen over Filefjell.

– Vegen har hatt mykje å seie for den gode starten vi har hatt. Det har vore mange vandrarar og syklistar innom. Dei har gjerne avslutta vandringa med eit besøk i kafeen eller på hotellet, seier Einemo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.