Hopp til innhold

Jenni frå Vik skal dele ut kveldens gjevaste pris

I kveld står Jenni Seim frå Vik i Sogn på scena i Grieghallen under årets «Gullruten».

Jenni Seim

GULLRUTEKLAR: Jenni Seim la att ein kommentar på VG sin nettstad - no skal jenta frå Vik dele ut publikumspris.

Foto: privat

– Eg fekk bakoversveis, kan du seie. Eg pleier aldri å vinne noko, så eg tok det med godt humør då eg skreiv innlegget. Og når eg då vart plukka ut, då seier ein ikkje nei, fortel Jenni Seim som i kveld skal representere publikum under utdelinga av den gjeve prisen.

23-åringen var ein av over 100 som la att ein kommentar på VG sin nettstad om at ho kunne tenkje seg å dele ut publikumsprisen under årets utgåve av Gullruten. Og i dag vart det kjent at ho er den heldige, skriv VG.

Får dele ut prisen frå folket

– Eg var inne på VG og las litt nyheiter, så kom eg over ein link om at ein kunne vere med i trekninga om å få dele ut denne prisen. Så eg slengde inn namnet mitt, og skreiv også opp namnet på venninna mi, fortel ho.

Jenni Seim
Foto: Skjermdump, VG-kommentarfeltet

Jenta frå Vik tenkte ikkje så mykje meir over det, før ho fekk ein telefon på måndag. Ho tykkjer det er stas å få æra av å dele ut denne prisen.

Jenni Seim

PRISUTDELAR: Jenni Seim deler i kveld ut sin første pris.

Foto: privat

– Det er folket som har talt og bestemt kven som får denne prisen, og den er det eg som er så heldig å få dele ut, seier Seim.

Litt annleis enn Olav Stedje-konsert

Når NRK snakkar med den ferske prisutdelaren er ho i full gong med generalprøve og alt som høyrer med når ein skal dele ut pris.

– Dette er veldig stas. Eg sa til mor mi at eg får ei litt an kjensle av dette her enn då eg var på konsert med Olav Stedje på Flatbygdi skule i 8. klasse. Det er masse nye impulsar og mykje nytt å ta innover seg på ein gong, seier ho.

Med seg i salen har ho fått lov til å ta med venninna Iselin Solbakken frå Hafslo.

Litt nervøs, men også spent

Iselin Solbakken og Jenni Seim

FESTKLARE: Jenni Seim fekk ha med seg ei venninne, og valet vart Iselin Solbakken(t.v.).

Foto: privat

Og Seim vert ikkje åleine på scena. Med seg får ho VGTV-programleiarane Morten Hegseth og Mads Andersen, men ho er likevel litt nervøs.

– Sjølv om eg gløymer det litt av og til, men ja eg er nervøs. Det er jo mange som skal sjå på. Telefonen har ringt i eitt sidan det vart kjent. Dette vert spennande, seier ho.

23-åringen har prøvd å halde det hemmeleg så godt ho kan, men no er ho klar for raud løpar og skikkeleg gullrutefest.